Hopp til innhald

Fagstoff

Reportasjefoto

Fotografen har klart å liste seg inn i omgivnadene og knipsar eit bilete som gir deg eit glimt av ein situasjon. Du opplever at du står der sjølv når du ser på biletet. Ein reportasjefotograf tek bilete av det som skjer her og no, usminka, rått og ekte.
Kvinne og mann jobbar med keramikkvase i ein verkstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reportasjefoto

Reportasje betyr å "bringe tilbake" og skildrar eit eller fleire motiv teke akkurat no. Bileta er ofte realistiske og "ekte", og dei er ikkje oppstilte.

Reportasjebilete skal gi lesarane ei oppleving av å sjølv vere til stades. Dei som blir tekne bilete av, er ikkje nødvendigvis opptekne av kameraet eller ser på det. Det gjer at du kjem tettare på som fotograf, og at biletet blir opplevd som meir realistisk for dei som ser på. I eit oppstilt bilete der personane ser rett i kameraet, blir du teke meir ut av illusjonen av å sjølv vere til stades.

Ungdommar står i ei klyngje i gata og smiler med hendene opp i vêret. I framgrunnen ser vi ein person som held opp eit kamera og tek bilete av ungdommane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du tek bilete av personar som kan kjennast igjen, og dei ikkje er klare over at dei blir tekne bilete av, er det god skikk å gi beskjed om dette etterpå, og å seie kva du tenkjer å bruke biletet til. Skal biletet publiserast, er du forplikta til å be om lov til det. Det kan gjerast skriftleg eller munnleg.

Reportasjebilete blir ofte sette saman med fleire reportasjebilete og tekst med skildringar og sitat frå reportasjestaden.

Fotoreportasjen

Reportasjefotografi er en del av nyhetsdekningen av aktuelle hendelser. Reportasjefotografen gjør oss til øyenvitner ved alle slags hendelser:
Ahlsen og Pihl, Store norske leksikon

Bileta står i hovudfokus i ein fotoreportasje. Dei blir følgde av korte bilettekstar, og det er bileta og handlingane i dei som dominerer forteljinga. Det vil vere ein ingress, og det kan òg vere ein kort tekst. Bileta har ofte ein kort bilettekst på ei setning eller to. Layouten er viktig i ein biletreportasje. I ein "vanleg" skriftleg reportasje er det teksten som dominerer og driv forteljinga framover.


Mann med hatt, mørkt arbeidstøy og hanskar står ved sida av eit eldre damplokomotiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her ser du døme på ein fotoreportasje som har stått på trykk i A-magasinet:

A-magasinet: Morgenskift

Tips til deg som skal ta reportasjebilete

  • Fokuser på augneblink framfor teknikk.

  • Ta mange bilete.

  • Prøv å fange essensen av miljøet og stemninga.

  • Veksle mellom ulike utsnitt. Fang både detaljar og heilskapen i miljøet du skildrar.

  • Ta både høgde- og breiddebilete, ta omsyn til formatet du skal produsere for.

  • Kjenn utstyret godt.

  • Skap tillit hos dei du tek bilete av, og ver sikker på at det er greitt at du er der.

Ein lærar og to elevar sit framfor ein skjerm i eit TV-kontrollrom. Det er gjenskin med noko lys sidan biletet er teke gjennom glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Ahlsen, Ø.B. og Pihl, P. (2021). Fotoreportasje. Store norske leksikon. Henta 2. mai 2021 frå https://snl.no/fotoreportasje



CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2021

Læringsressursar

Biletsjangrar