Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppdrag som fotojournalist

I dette arbeidsoppdraget skal du illustrere ei pressemelding frå NTB. Biletet skal støtte opp under og gi meirverdi til teksten.
Jente som fotograferer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du arbeider som pressefotograf i regionavisa. På morgonmøtet får du i oppdrag å fotografere eit illustrasjonsbilete til ei nyheitsmelding frå NTB. NTB er eit uavhengig, norsk nyheitsbyrå som leverer nyheiter og bilete til norske medium.

Vel ei nyheit frå nettsida til NTB:

NTB: Pressemeldinger

Oppdrag

  • Studer meldinga nøye. Kva er eigentleg kjernen i saka?
  • Lag skisser til tre ulike illustrasjonsfotografi som kan passe til denne saka. Skissa skal vise motiv, biletvinkel og biletutsnitt.
  • Vel ei av skissene, og ta ein serie bilete. Vel ut det beste.
  • Presenter biletet for klassen saman med dei tre skissene du laga i førekant. Forklar kvifor du valde å bruke nettopp dette biletet, kva meirverdi biletet gir til saka, og korleis biletet kommuniserer med lesarane.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021

Læringsressursar

Biletsjangrar