Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet biletsjangrar
Her kan du sjekke forståinga di av emnet biletsjangrar. Kva har du fått med deg?
Kan du svare ja på alle punkta nedanfor, har du fått med deg det mest sentrale i emnet biletsjangrar.
- Eg kan planleggje, produsere og ferdigstille bilete i ulike sjangrar.
- Eg kjenner til ulike biletsjangrar som reklamefoto, illustrasjonsfoto, reportasjebilete og portrett.
- Eg veit at eit reportasjebilete skildrar ein augneblink, som om ein sjølv var til stades.
- Eg kan ta bilete for å marknadsføre produkt, med gode bilete både av produktet og av produktet i bruk.
- Eg forstår at val eg tek ved bilettaking og redigering, har betydning for korleis andre tolkar biletuttrykket.
Fagomgrep | |||
---|---|---|---|
illustrasjonsbilete | reklamefoto | portrettbilete | reportasjebilete |
fokus | objektiv | blikkpunkt | biletmontasje |
RAW-format | kvitbalanse | blendar | lukkar |
sjanger |