Hopp til innhald

Fagstoff

Klima og årstider i Kina

Når det gjeld klima, er Kina prisgitt to store klimasystem. Om vinteren utviklar verdas sterkaste høgtrykk seg over Sibir fordi landmassen blir svært avkjølt. Om sommaren dominerer fuktig luft som driv nordover frå passatvindane rundt ekvator, og desse ber med seg mykje nedbør.
Snøskulptur i Harbin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskjellig effekt sommar og vinter

Det sterke Sibir-høgtrykket sender kald og tørr luft sørover om vinteren, ein verknad som til tider kan kjennast så langt sør som i Sør-Kina. Om sommaren spreier derimot varme og fuktige vindar seg sørfrå ganske langt mot nord. Av og til kan vinden komme inn over Sør-Kina i form av øydeleggjande tyfonar (frå kinesisk táifēng 台风, skriftteiknet blir her brukt om denne spesielle forma for vind), som er tropiske syklonar som utviklar seg i kraftige lågtrykk.

Resultatet er at vinter- og sommartemperaturar fordeler seg svært forskjellig. Temperaturforskjellen mellom Harbin (Hāěrbīn 哈尔滨) i Nordaust-Kina og Kanton (Guǎngzhōu 广州) i Sør-Kina kan bli så stor som 40 grader vinterstid. Men det er forholdsvis liten forskjell mellom Sør-Kina og Nord-Kina når det gjeld sommartemperaturar. Faktisk kan det indre Sentral-Kina, der byen Wǔhàn 武汉 ligg, vere den varmaste staden i Kina om sommaren.

Folk kjempar mot tyfonen Haitang i Cangnan. Foot.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nedbør er ujamt fordelt

Desse store og styrande klimatiske systema gjer at nedbøren både blir sesongavhengig, ujamt fordelt og enkelte stader ganske ustabil. I Sør-Kina har dei tradisjonelt vore godt forsynte med vatn, for å seie det mildt. Det har gitt opphav til eit effektivt overrislingsjordbruk, det vil seie ein leier vatn inn over åkrar som ofte er terrasserte. Men vassoverskotet har òg ført til at Sør-Kina jamleg blir ramma av flaum.

I Nord-Kina er forholdet omvendt. Her har det tradisjonelt vore knapt med vatn og meir tørrmarksjordbruk. Ein har vore heilt avhengig av at sommarvindane sørfrå bringer med seg nok regn til å fylle elver og reservoar. Men det har langt frå alltid vore tilfellet. Enkelte år i det siste har det vore så lite vatn i Den gule floda at vassføringa har blitt broten fleire plassar.

Aukande urbanisering og ei veksande befolkning har ført til at ein har måtta setje i verk drastiske tiltak for å sikre landbruket, industrien og bybuarane nok vatn. Ein mykje brukt metode har vore å bore stadig djupare etter grunnvatn, men her har naturen ofte slått tilbake i form av såkalla salinisering, det vil seie utfelling av salt.

Vassleidning i Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdas største vassavleiingsprosjekt

No er kinesarane i ferd med å verkeleggjere ein gammal draum, nemleg å leie overskotsvatn sørfrå nordover. Det er eit enormt prosjekt, som blir kalla «Prosjektet for å omdirigere vatn sørfrå nordover», eller Nánshuǐ běidiào gōngchéng 南水北调工程, som vil leie vatn sørfrå mot nord langs tre forskjellige ruter. Kinesarane har historisk sett hatt dei dyktigaste hydrologane (personar som arbeider med handtering av vassressursar). Vi får berre håpe at naturen ikkje nok ein gong slår tilbake mot menneskeleg overmot.

Klimagrense midt over slettelandet

Dei store og styrande klimasystema, det kalde og tørre utfallet nordfrå om vinteren og dei milde og fuktige vindane om sommaren gjer at det oppstår ei ganske klar klimatisk grense midt over det nordkinesiske slettelandet i austvestleg retning. Ho går vidare lenger vest langs Qínlǐng 秦岭-fjella i den sørlege delen av Shǎnxī 陕西-provinsen. Nord og sør for denne grensa blir det raskt markante forskjellar både når det gjeld flora, fauna og tradisjonelle driftsformer i landbruket.

Varierte klimatypar

Det som til no har vore sagt, gjeld dei sentrale delane av Kina, men dagens Kina har ei mykje større utstrekning. I det tibetanske høglandet dominerer eit forholdsvis tørt høglandsklima, og den vestlegaste regionen Xīnjiāng 新疆 er dominert av ørken- og steppeklima. Steppeklimaet held fram inn i Indre Mongolia lenger aust, men heilt i nordaust begynner klimaet å bli prega av nærleiken til Stillehavet.

Sandstorm i Kashgar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årstider

Dei to store dominerande klimasystema gjer at Kina har alt frå evig sommar (men iblanda regntid) heilt i sør på øya Hǎinán 海南 til korte somrar heilt i nord. I resten av landet artar årstidene seg forskjellig, alt etter kvar ein oppheld seg.

I sørvest dannar Yúnnán 云南-provinsen og delar av Guìzhōu 贵州-provinsen eit platå på omtrent 2000 moh. Både dei kalde vinterlege vindane nordfrå og den varme monsunen sørfrå blir svekte når dei blir pressa oppover. Resultatet er at regionen nærmast har eit vårklima heile året.

Dei fire årstidene i Beijing

Staden som har alle fire årstidene klarast markert i heile landet, er området rundt hovudstaden Běijīng 北京. Vinteren er prega av Sibirhøgtrykket, med tørt og kaldt vêr. Sjølv om det er kaldt, snør det relativt sjeldan i Beijing. Om våren kjem vårvindane, også nordfrå, og dei bringer ofte med seg enorme mengder fin guljord (løss), huángtǔ 黄土, som nesten kan skyggje for sola midt på dagen. Når sommaren nærmar seg, sig varm og fuktig luft inn sørfrå, noko som gjer at varmen kjennest trykkande. Så kjem hausten, som tradisjonelt hadde klare og milde dagar. Men det var før. No for tida kan det også på hausten vere langt mellom dagane med blå himmel.

Hausten samt mai og juni er likevel dei beste tidene å besøkje Beijing på som turist. Men viss du vil sikre deg eit så behageleg opphald som mogleg under eit besøk i Kina, vil vi tilrå Yúnnán-provinsen på eit av dei nemnde tidspunkta.

Blomstereng i Yúnnán-provinsen i Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 11: Vêr og årstider