Hopp til innhald

Fagstoff

Geografien i Kina

Geografien i Kina er svært variert. Topografi og klima avgjer kva som blir dyrka dei forskjellige stadene i landet. Her er ei kort innføring.
Kartutsnitt av Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kina dekkjer ein stor del av den austlege delen av det som blir kalla det euroasiatiske kontinentet. Landet er verdas fjerde største i utstrekning etter Russland, Canada og USA. Men knapt noko land, med unnatak av USA, har ein så stor variasjon i klima og temperatur, frå kaldt i det nordaustlege Kina til tropisk heilt i sør.

Topografisk kan vi førestille oss landet som tre store trappetrinn frå vest mot aust. I vest dominerer Tibet-Qinghai-høgsletta, med utstikkarar sørover og nordover. Så følgjer eit breitt belte frå sør til nord med fjellområde av varierande høgd. Den austlegaste delen er prega av sletteland. Innimellom dei høgareliggjande områda finn vi såkalla bekken eller basseng, det vil seie lågareliggjande område, som ofte er fruktbare. Men Kina er òg godt forsynt med stepper og ørkenar i vest og nord.

To store klimasystem

Kina har tørre område i vest og nordvest, og meir fuktige område i aust og søraust. Det kjem av to store klimasystem: eit høgtrykkssystem over Sibir som pressar seg sørover vinterstid, og monsunvindar som blæs nordover frå ekvator om sommaren. Resultatet er ei ganske skarp tradisjonell grense mellom fedriftsbasert nomadisme og bufast jordbruk. Denne grensa går omtrent ved Den store muren (som var eit forsvarsverk mot inntrengande nomadar) i Nord-Kina og held fram i ein boge sørvest langs dei austlegaste utløparane av Tibet-massivet.

Turistattraksjonar i Nord-Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heilt i nordvest og heilt i sørvest finn vi to spesielle klima. I nordaust, det som tidlegare blei kalla Mandsjuria, kan nok vintrane vere svært kalde, men området er meir prega av nærleik til Stillehavet og får derfor meir nedbør i form av snø. Det er her ein finn dei tradisjonelle vintersportsstadene i Kina. Skiløp skal visstnok ha blitt introdusert i si tid av ein norsk misjonær. Skiøvingane i vinter-OL i 2022 skal likevel haldast utanfor byen Shíjiāzhuāng 石家庄, ikkje langt frå Beijing. Shijiazhuang har sørgjeleg nok status som den mest forureina byen i Kina.

I sørvest dannar Yúnnán 云南-provinsen og delar av Guìzhōu 贵州-provinsen eit platå på omtrent 2000 moh. Både dei kalde vinterlege vindane nordfrå og den varme monsunen sørfrå blir svekte når dei blir pressa «opp». Resultatet er at regionen nærmast har eit vårklima heile året.

Gammal jordbrukskultur

Når ein reiser rundt i Kina, blir ein slått av kor intenst landet er oppdyrka. Det er ein bragd å kunne brødfø ei så stor befolkning på eit relativt avgrensa landområde. Berre rundt 12 prosent av flatearealet i Kina er sletteland, så det har vore nødvendig å ta bakkeland i bruk for at folket skal kunne brødfø seg. Det har òg vore livsnødvendig for kinesarane frå gammalt av å bli flinke til å temme «vassdraken». Resultatet er kunstferdig overrisla sletteland og terrasserte åkrar med vatningskanalar.

Ikkje berre ris

Dei klimatiske forholda har i stor grad vore avgjerande for kva kinesarane har dyrka av matvekstar opp gjennom tidene. Det er slett ikkje slik at alle kinesarar til alle tider har ete ris. Ris er rett nok ei svært gammal kulturplante, som har vore dyrka i Kina i minst 8000 år, men først og fremst i den sørlege delen av landet. På overrisla åkrar kan ein få gode avlingar fleire gonger i året dei beste plassane.

I Nord-Kina har derimot hirse og kveite og andre gamle kornsortar som sorghum vore dominerande. Hirsen er eldst. I den gamle poesien går det fram at det er hirseguden det gjeld å halde seg inne med. Kveite er ein tidleg kulturimport via Sentral-Asia.

Det kinesiske jordbruket har òg kultivert ei rekkje bønneslag. Den viktigaste av dei er soyabønna, som har vore dyrka i Nord-Kina minst like lenge som risen lenger sør. På 1500-talet blei mais introdusert i Kina frå Sør-Amerika, og maisen viste seg å vere svært tilpassingsdyktig, også i meir skrinne jordbruksområde. Han blei derfor raskt ein viktig mat- og fôrressurs.

Naturbilete frå kinesisk landbruk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marginale jordbruk

I dei noverande «ytre» områda av Kina har det òg tradisjonelt vore drive jordbruk, men på ein annan måte. I Tibet har ein dyrka ein type høglandsbygg, som er ein del av tibetanarane sin tradisjonelle drikk tsampa, som er ei blanding av te (tradisjonelt importert frå Sørvest-Kina) blanda med smør og høglandsbygg. Den nordvestlege regionen Xinjiang er prega av oasejordbruk. Utanom oasane er det lite som kan dyrkast. Men oasane, som kan vere ganske omfattande, er reine drivhus. Og viss dei får nok avrenningsvatn frå fjella rundt, er det mogleg å dyrke alt frå korn til alle slags grønsaker og frukter. Kinesarane har òg prøvd seg på å utbreie jordbruk inn i dei meir steppeaktige områda i Indre Mongolia, som òg er ein del av Kina, men her har naturen slått kraftig tilbake.

Fjernt frå får og mjølk

Tradisjonelt har den skarpe klimagrensa mellom nomadisme og jordbruk gjort at dei fleste kinesarar har hatt eit forholdsvis fjernt forhold til beitedyr og mjølkeprodukt. Det kinesiske landbruket har i lang tid vore prega av svin og fjørkre. I dag er det likevel i ferd med å endre seg drastisk ved at både mais og soya blir mykje brukt som fôr til storfe. Kinesisk kosthald er i ferd med å bli basert på ei meir komplisert næringskjede.

Vidare har dei lært av kvarandre. I dag held ikkje kinesarane seg lenger berre til dei regionale diettane. I sør et dei meir kveite- og soyabasert mat enn før, i nord et dei meir ris enn før, og fleire enn nokon gong både i nord og sør et kjøt.

Det vanskelege, men livgivande vatnet

Det meste av vatnet som ikkje kjem i form av nedbør, kjem frå tre store elveløp, Den gule floden (Huánghé 黄河) i nord, Den lange floden (Chángjiāng 长江 (blir kalla Yángzǐjiāng 扬子江 i det nedre løpet)) i det sentrale sør, og Perleelva (Zhūjiāng 珠江) heilt i sør. Changjiang er 6300 km lang og dermed den lengste elva i Kina, noko som gjer ho til den tredje lengste elva i verda. Men Den gule floden kjem på ein god 6. plass med 5460 km. Kina har òg ein del innsjøar, men dei har ikkje så mykje å seie i den store samanhengen. Dei største er Poyang-sjøen (Póyáng hú 鄱阳湖) i det sentrale sør, og det salte Qing-havet (Qīnghǎi 青海) i Qinghai-provinsen i nordvest. Men sidan landet alltid har hatt avanserte metodar for å leie og samle opp vatn til overrisling, har det resultert i ein omfattande tradisjon med ferskvassoppdrett av fisk.

Snø blæs av toppen på Mount Everest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar er fjella?

Finst det fjell i Kina? Kanskje ikkje ved første tanke, men om ein studerer kartet nøyare, vil ein finne noko heilt anna. Faktisk ligg verdas høgaste fjell, Qomolangma («Den heilage mora») i kinesisk-tibetansk transkripsjon, eller Mount Everest som vi kallar det i Vesten, med sine 8848 moh. på grensa mellom Nepal og Kina.

Qomolangma ligg i Himalaya, fjellkjeda mellom Nepal og Kina, men denne strekk seg ikkje særleg langt nordover. Der tek den tibetanske høgsletta over, før Kūnlún 昆仑-fjella reiser seg mellom Tibet og Xinjiang lenger nord. Elles har Kina fleire fjellkjeder, frå Himmelfjella (Tiānshān 天山) heilt i vest til Xīng’ān 兴安 i nordaust (ofte skrive i den tradisjonelle forma Khingan).

Men dei viktigaste fjella i Kinas historie har vore dei mange heilage fjella deira, ut frå forskjellige rituelle og religiøse tradisjonar. Desse fjella treng ikkje å vere spesielt høge, dei har fått den spesielle statusen på bakgrunn av slik dei stilte seg i forhold til dei lokale omgivnadene, som Tàishān 泰山 i Shāndōng 山东 og Huángshān 黄山 i Ānhuī 安徽. Om du får sjansen til å reise til Kina, bør du absolutt besøkje nokre av dei heilage fjella i landet. Men du må òg vere førebudd på å bli ganske stiv og støl. Det er som oftast trappetrinn heilt til topps!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2017

Læringsressursar

Leksjon 11: Vêr og årstider