Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuing til leksjon 2

Her skal du førebu deg til å ta fatt på kinesisk 1 leksjon 2.
Studenter snakker sammen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

第二课:认识同学 (Dì èr kè: Rènshi tóngxué)

准备 (Zhǔnbèi)

På førehand bør du kjenne til:

  • korleis du helser på nokon på kinesisk
  • korleis du spør om kva andre heiter og korleis du fortel kva du heiter sjølv
  • kva slags tiltaleformer, måtar å helse på og namn som blir brukt i Kina

Du skal lære:

Kommunikasjon:

  • å seie «God morgon!»
  • å spørje om andre kjenner nokon eller ikkje
  • å fortelje om du kjenner nokon eller ikkje
  • å seie om nokon er ein venn eller ein medstudent
  • å spørje kven nokon er
  • å spørje om og fortelje om nokon sin nasjonalitet

Språk, samfunn og kultur:

  • om nokre trekk ved kinesarane sitt forhold til utlendingar opp gjennom historia
  • om korleis det er å vere utlending i Kina
  • om utlendingar sine haldningar til Kina historisk sett

Før du startar, tenk igjennom følgjande:

  • Kva snakkar vi om når vi skal bli kjende med nye klassekameratar i Noreg?
  • Kva haldningar har nordmenn til utlendingar, og korleis ser utlendingar på Noreg?
  • Kva haldningar har vi til Kina og kinesarane?

CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2019

Læringsressursar

Leksjon 2: Å bli kjend med ein medstudent