Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk i leksjon 2

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen "Å bli kjent med ein medstudent".
Kinesiske skriftteikn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. ma

Når du skal lage eit ja/nei-spørsmål på kinesisk, legg du til spørsmålspartikkelen ma på slutten av ei forteljande setning. Dette gjer utsegna om til eit spørsmål. Her er nokre eksempel:

他是老师。 Tā shì lǎoshī. «Han er lærar.»

他是老师 Tā shì lǎoshī ma? «Er han lærar?»

Setningsstrukturen blir den same i både utsegna og spørsmålet. Legg merke til at ein ikkje stokkar om på orda slik ein gjer på norsk: Han er... vs. Er han…?

2.

er eit nektingsadverb. Det blir plassert framfor verb eller adjektiv (=) for å uttrykkje nekting, tilsvarande «ikkje», som i til dømes 不认识 bú rènshi – «kjenner ikkje» – 不是 bú shì – «er ikkje» – og så vidare. må alltid kome rett framfor det som skal nektast.

Hugs! Adverbet endrar tone frå 4. tone til 2. tone (blir til ) når det kjem framfor ei staving som har 4. tone. Det gjeld altså då for både 认识 rènshi og shì, men ikkje til dømes for hǎo (fordi hǎo har 3. tone).

3. shéi

shéi betyr «kven» og er eit spørjeord / spørjande pronomen, i likskap med 什么 shénme. Det blir òg plassert på same stad i setninga som ein ville ha forventa at eit svar ville ha kome, og det kjem etter shì – «å vere» – når ein skal spørje om identiteten til nokon, til dømes:

他是谁? Tā shì shéi? «Kven er han?»

他是我的老师。 Tā shì wǒde lǎoshī. «Han er læraren min.»

Shéi kan òg kome i byrjinga av ei setning, i subjektsposisjon, dersom det er der eit eventuelt svar naturleg ville ha falle, til dømes:

谁姓李? Shéi xìng Lǐ? Kven heiter Li til etternamn?

他姓李。 xìng Lǐ. Han heiter Li til etternamn.

I denne posisjonen spør ein om kven i ei gitt gruppe, og ein vil ha identifisert spesifikke individ som høyrer til denne gruppa.

4.

betyr “også” og er eit adverb, altså eit ord som skal stå framfor eit verb. I dialogen blir brukt på to forskjellige måtar. For å forstå desse to bruksmåtane på best mogleg måte bør ein kunne skilje mellom setningsledda subjekt og predikat. Samanlikn desse setningane:

他是我的朋友,也是我们的同学。
Tā shì wǒde péngyou, yě shì wǒmende tóngxué.
– «Han er venen min, og (han; same person) er også medstudenten vår.»

Her har vi berre eitt subjekt (), men to predikat (både leddsetninga før og etter kommaet seier noko om ). I denne setninga er referansen til det andre predikatet, altså betyr «også» her at han «også er medstudenten vår»: «(Han er venen min), (og) er også medstudenten vår.» Vi kunne i utgangspunktet gjerne ha uttrykt same betydning ved hjelp av to separate setningar:

1. 是我的朋友 shì wǒde péngyou. – «Han er venen min.»

2. 是我们的同学 shì wǒmende tóngxué. – «Han er medstudenten vår.»

Kvar av desse setningane har både eit subjekt (i kursiv) og eit predikat (streka under).

I tillegg til bruksmåten over kan òg brukast på følgjande måte:

他是挪威人。我也是挪威人。
Tā shì Nuówēirén. Wǒ yě shì Nuówēirén.
– «Han er nordmann. Eg er også nordmann.»

Her er referansen til subjektet, og betydninga «også» gjeld for : «Eg er også nordmann.» kan altså både referere til subjektet i ei setning eller til det andre predikatet i ei setning med to predikat/leddsetningar. Samanlikn desse setningane:

他是学生(他)也是老师
Tā shì xuésheng (tā) yě shì lǎoshi.

«Han er student og også lærar (til dømes på deltid).»
( har predikat #2 som referanse.)



我是学生是学生。
Wǒ shì xuésheng shì xuésheng

«Eg er student. Han er også student.»
( har subjekt #2 som referanse.)

5. de

de er ein markør (grammatisk «merkelapp») som uttrykkjer eigarskap. Han kjem rett bak eit pronomen og uttrykkjer eit eigarskapsforhold pronomenet har til det som kjem etter de: = eg, 我的 wǒde = min. de kan òg kome etter nomen (eller eigennamn) og fungerer då på same måte, eksempelvis som i:

美玉的姓是李。 Měiyù de xìng shì Lǐ. – «Meiyus etternamn er Li.»

eller (med to eigarskapsforhold):

我的朋友的名字是… Wǒde péngyou de míngzi shì … – «Venen min sitt namn er …»

  1. 我的朋友 wǒde péngyou – venen min
  2. 朋友的名字péngyou de míngzi – venn sitt namn


6. 哪里 nǎli

哪里 nǎli kjem framfor eit nomen og modifiserer det. Samanlikn desse setningane:

你 叫 什么 名字?
Nǐ jiào shénme míngzi?
Du heite kva namn? (Kva heiter du til fornamn?)

你 是 哪里 人?
Nǐ shì nǎli rén?
Du vere kvar menneske? (Kvar er du frå?)

Her ser vi at setningsstrukturen til dei to setningane over er den same. Både 什么 shénme og 哪里 nǎli markerer eit spørsmål om eit spesifikt aspekt ved det etterfølgjande nomenet sin identitet eller type. 哪里 nǎli – «kvar» – blir brukt for å spørje om det geografiske opphavet til det påfølgjande nomenet «menneske».

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019

Læringsressursar

Leksjon 2: Å bli kjend med ein medstudent