Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å snakke om film – skriveoppgåve 3

I denne oppgåva skal du lage ein presentasjon av ein filmregissør.
Ein kinesisk regissør instruerer framfor eit kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Presentasjonsoppgåve

Lag ein skriftleg presentasjon på kinesisk om ein bestemd regissør. Presentasjonen kan innehalde ulike innhaldselement, som bilete, illustrasjonar, videoklipp, lyd og så vidare.

Ta gjerne utgangspunkt i denne lista:

  • namn og fødselsår
  • bakgrunn
  • spesielle trekk ved filmane til regissøren
  • eksempel på filmar
  • filmprisar

Finn ut kva dei ulike delane heiter på kinesisk, og leit opp informasjonen du treng. Legg til bilete, filmklipp og så vidare. Lag òg gjerne ein quiz, som du kan avslutte presentasjonen med.

Hald presentasjonen for klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2020

Læringsressursar

Leksjon 14: Å snakke om film