Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 14

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen «Å snakke om film».
Kinesiske skriftteikn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Topic-comment-setninger

王家卫导演的电影我都喜欢!
Wáng Jiāwèi dǎoyǎn dei diànyǐng wǒ dōu xǐhuan!

Setninga over har ein typisk kinesisk struktur, og denne strukturen blir gjerne kalla for «topic-comment»-struktur:

TOPIC

COMMENT

王家卫导演的电影
Wáng Jiāwèi dǎoyǎn dei diànyǐng

我都喜欢。
wǒ dōu xǐhuan.

Kva setninga handlar om (temaet).

Kva som blir sagt om temaet.

«Filmar som Wong Kar-Wai regisserer,

dei liker eg alle.»

Det er ikkje uvanleg at setningar på kinesisk er slik, gjerne når ein vil framheve det ein snakkar om. Samanlikn:

茶我喜欢,咖啡不好喝。
Chá wǒ xǐhuan, kāfēi bù hǎohē.
«Te liker eg, kaffi er ikkje godt.»

Merk at temaet (topic) i det øvste dømet òg har ein intern grammatisk struktur:

TOPIC

王家卫
Wáng Jiāwèi

导演
dǎoyǎn


dei

电影
diànyǐng

subjekt

verbal

(markør)

attributt

kjerne

Temaet i heile setninga er altså ein nominalfrase med subjekt + verbal som attributt og nomenet 电影 diànyǐng, «film», som kjerne. 导演 dǎoyǎn kan på kinesisk vere både nomen «regissør» og verb «å regissere». Her betyr det «Filmar som Wong Kar-Wai regisserer». Samanlikn:

Kinesisk: Wong Kar-Wai regisserer DEI filmar.

Norsk: Filmar SOM Wong-kar Wai regisserer.

2. 又…又… yòu ... yòu ...

Mønsteret 又A又B yòu A yòu B kan omsetjast med «både A og B». Vanlegvis er A og B to adjektiv. Samanlikn:

又好又感人 yòu hǎo yòu gǎnrén – «både god og rørande»

Merk at her er denne strukturen ein del av eit beskrivande komplement:

Subjekt

Verbal+markør

Komplement

章子怡

演得

又好又感人。

Zhang Ziyi

spelar

både godt og rørande.

又A又B-strukturen kan òg ha verbalfrasar inni seg, som i:

这部电影又是动作片又是爱情故事。
Zhè bù diànyǐng yòu shì dòngzuòpiān yòu shì àiqíng gùshi.
«
Denne filmen er både actionfilm og kjærleikshistorie.»

3. 难道 nándào

难道你不觉得梁朝伟也演得特别好吗?
Nándào nǐ bù juéde Liáng Cháowěi yě yǎn dei tèbié hǎo ma?

难道… nándao ... – «meiner du at …?» blir brukt i byrjinga av ei setning der ein stiller eit retorisk spørsmål (eit spørsmål ein gjerne eigentleg veit svaret på allereie), eller når ein vil ha ei ekstra stadfesting på noko. Samanlikn:

难道我不知道吗? Nándào wǒ bù zhīdào ma? – «Meiner du eg ikkje veit (dette)?» / «Skulle eg liksom ikkje vite dette?»

(Her er det openbert at vedkomande allereie veit godt kva det er snakk om.)

难道你真的不去吗? Nándao nǐ zhēnde bú qù ma? – «Meiner du verkeleg at du ikkje skal dra/gå (ein stad)?»

(Her får den eine parten kjensla av at den andre har ombestemt seg og ønskjer stadfesting.)

4. 要是…的话 yàoshi ... dei huà

你要是不害怕的话,我们改天可以一起看。
Nǐ yàoshi bú hàipà dei huà, wǒmen gǎitiān kěyǐ yìqǐ kàn.
«
Viss du ikkje er redd (for skrekkfilmar), så kan vi sjå saman ein annan dag.»

要是…(的话) yàoshi ... (dei huà) betyr «viss» og opptrer ofte i mønsteret 要是A(的话),(subjekt) 就Byàoshi A (dei huà), (subjekt) jiù B

Til dømes:

要是你不喜欢(的话)我们 (就)不吃。
Yàoshi nǐ bù xǐhuan (dei hua) wǒmen (jiù) bù chi.
«
Viss du ikkje liker det, så et vi det ikkje.“

的话 dei hua og jiù er begge valfrie i denne konstruksjonen, men er oftare med enn ikkje.

Sjå òg leksjon 10.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Leksjon 14: Å snakke om film