Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til vokabular i leksjon 14

Under følgjer forklaringar til vokabular for dialogen «Å snakke om film».
Kinesiske teikn. Betydning: vokabular. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. ràng og 吃惊 chījīng

我现在非常激动,那些功夫的动作太让我吃惊了。
Wǒ xiànzài fēicháng jīdòng, nà xiē gōngfu dei dòngzuò tài ràng wǒ chījīng le.

让我吃惊了 ràng wǒ chījīng le:

  1. ràng betyr «å la» eller «å forårsake at …» / «gjere nokon noko». Samanlikn:
    a) 让我走 ràng wǒ zǒu – «la meg gå»
    b) 让我难过 ràng wǒ nánguò – «gjer meg trist»
  2. 吃惊 chījīng betyr ordrett å «ete overrasking», og det vil seie at ein blir mildt forskrekka eller overraska. Kinesisk har fleire liknande uttrykk som bruker verbet «å ete» i biletleg tyding:
    a) 吃醋 chīsù – «å ete eddik» (å vere sjalu)
    b) 吃香 chīxiàng – «å ete velduft» (å vere populær)

2. 以为 yǐwéi

我以为是别的导演。
Wǒ yǐwéi shì biéde dǎoyǎn.
«Eg trudde at det var ein annan regissør» (altså tok eg feil)

以为 yǐwéi betyr eigentleg «å tenkje/tru», men det blir berre brukt når ein antok noko og i realiteten tok feil om det. Samanlikn:

  1. 我以为你今天不来
    Wǒ yǐwéi nǐ jīntiān bù lái.
    «Eg trudde du ikkje skulle kome i dag.» (Men vedkomande dukka opp likevel)
  2. 我以为他不想来。
    Wǒ yǐwéi tā bù xiǎng lái.
    «Eg tenkte at han ikkje hadde lyst til å kome.» (Men det viste seg at han eigentleg hadde det)
CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Leksjon 14: Å snakke om film