Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Modale hjelpeverb saman med laust samansett verb

Modale hjelpeverb står saman med eit hovudverb i infinitiv. Dette hovudverbet kan vere eit laust samansett verb. Infinitiv av laust samansette verb skriv vi som eitt ord: anfangen, mitkommen, einschlafen osv.

Modalt hjelpeverb

Modale hjelpeverb tar hovudverb i infinitiv. Infinitivsforma av laust samansette verb skriv vi alltid som eitt ord i tysk: anfangen, mitkommen osv.

I forteljande setningar og spørjesetningar står infinitiven til slutt:

  • Er muss sofort anfangen. Han må begynne straks.

  • Wolltest du auch mitkommen? Ville du òg bli med?

I leddsetningar må det bøygde (finitte) verbet stå til slutt. Det er hjelpeverbet som er bøygd, derfor står det sist. Infinitiven står rett føre:

  • Meine Eltern sagen, dass ich mitfahren darf. Foreldra mine seier at eg får bli med.

  • Sie erzählt, dass sie nicht einschlafen konnte. Ho fortel at ho ikkje klarte å sovne.

Øving 1: Rett plassering av prefiks og verb

Øving 2: Forteljande setningar og spørsmål

Øving 3: Munnleg trening

Jobb gjerne i par: A les setninga høgt og omset ho til norsk, B gjer om til setning med modalt hjelpeverb, seier setninga høgt og omset igjen.

Byt roller etter kvart kort.

Øving 4: Leddsetningar med modalverb

Jobb gjerne i par og høyr kvarandre!

Øving 5: Leddsetningar med modalverb

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Laust samansette verb