Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presens og preteritum

Laust samansette verb består av eit prefiks (ei forstaving) og eit verb: auf-machen, ein-kaufen osb. Nokre gonger blir dei skrivne som eitt ord, andre gonger blir prefiks og verb splitta. Her lærer du meir om laust samansette verb i presens og preteritum.

Forstavingar med trykk

Laust samansette verb består av eit prefiks (ei forstaving) og eit verb. I laust samansette verb ligg trykket alltid på prefikset, aldri på sjølve verbet:

  • Du musst aufwachen.

  • Ich komme mit.

Øving 1: Uttale av laust samansette verb

Les dei laust samansette verba nedanfor høgt og legg trykket på forstavingane:

  1. abfahren

  2. anfangen

  3. aufstehen

  4. auspacken

  5. einschlafen

  6. hinfahren

  7. losgehen

  8. mitkommen

  9. wegschmeißen

  10. zumachen

Du veit vel kva verba som er brukte i øving 1 betyr?
abfahren
dra/køyre av garde
anfangen
begynne
aufstehen
stå opp
auspacken
pakke opp, tømme
einschlafen
sovne
hinfahren
dra dit
losgehen
dra av garde til fots
mitkommen
bli med
wegschmeißen
kaste
zumachen
lukke, lukke igjen

Laust samansette verb i infinitiv

Infinitivsforma av laust samansette verb skriv vi alltid som eitt ord i tysk:

  • Er muss aufstehen. Han må stå opp.

  • Ich darf mitkommen. Eg får lov til å bli med.

Dersom infinitivsmerket er med, står det mellom prefikset og verbet:

  • Ich hasse es, früh aufzustehen. Eg hatar å stå opp tidleg.

  • Er versucht einzuschlafen. Han prøver å sovne.

Øving 2: Kva betyr dei laust samansette verba?

Laust samansette verb i presens og preteritum

Heilsetningar

I forteljande setningar og spørjesetningar skriv vi laust samansette verb som to ord. Prefikset står heilt til slutt:

  • Die Schule fängt um neun Uhr an. Skulen byrjar klokka ni.

  • Kommst du morgen mit? Blir du med i morgon?

  • Rufst du mich später an? Ringer du meg seinare?

  • Er fuhr wieder los. Han drog av garde igjen.

  • Wann fing die Vorstellung an? Når byrja framsyninga?

Leddsetningar

I leddsetningar skriv vi laust samansette verb som eitt ord. Verbet står heilt til slutt i leddsetninga:

  • Sie sagt, dass die Schule um neun Uhr anfängt. Ho seier at ...

  • Er fragt, ob du morgen mitkommst. Han spør om ...

  • Lea wollte wissen, wann die Vorstellung anfing. Lea ville vite når ...

Øving 3: Rett plassering av prefiks og verb

Øving 4: Lag setningar i presens

Øving 5: Lag forteljande setningar i preteritum

Hugs at prefikset skal stå sist i setninga. Bruk i-knappane dersom du treng hjelp til å bøye dei sterke verba rett.

Øving 6: Leddsetningar med verb i presens

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Laust samansette verb