Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsøving

Denne øvinga passar for deg som har jobba med laust samansette verb i alle tider. Sjekk om du klarer å finne eksempel til alle reglane!

Oppsummering

  1. Ta utgangspunkt i regelsetningane ovanfor. Notér minst eitt eksempel til kvar av dei 20 regelsetningane.
  2. Jobb i par. Samanlikn eksempla dykkar og sjekk at dei er i samsvar med reglane.
  3. Byt partnar. Forklar reglane til ein medelev ved hjelp av eksempla dine.
Regelsetningar
  1. Laust samansette verb består av ei forstaving (= eit prefiks) og eit verb.
  2. I laust samansette verb ligg trykket alltid på prefikset, aldri på sjølve verbet.
  3. Infinitiv av laust samansette verb skriv vi alltid som eitt ord i tysk.
  4. Dersom infinitivsmerket zu er med, står det mellom prefikset og verbet.
  5. I forteljande setningar og spørsmål skriv vi laust samansette verb som to ord, og prefikset står heilt til slutt.
  6. Viss ei forteljande setning eller eit spørsmål inneheld eit modalt hjelpeverb, står det laust samansette verbet i infinitiv og heilt sist i setninga.
  7. I leddsetningar skriv vi laust samansette verb som eitt ord, og verbet står heilt til slutt.
  8. Dersom leddsetninga òg inneheld eit modalt hjelpeverb, er det hjelpeverbet som står heilt til slutt.
  9. Imperativforma av laust samansette verb blir alltid skriven som to ord, og prefikset står heilt til slutt.
  10. Perfektum partisipp av laust samansette verb skriv vi som eitt ord. Partisipp-markøren ge- står mellom verbprefikset og verbet.
  11. I forteljande setningar eller spørjesetningar i presens perfektum står perfektum partisipp av det samansette verbet heilt til slutt.
  12. I leddsetningar i presens perfektum er det tidshjelpeverbet (haben/sein) som står heilt sist.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Laust samansette verb