Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konfliktførebygging i helsesektoren

I helse- og omsorgssektoren må du samarbeide tett med brukarar, pasientar, kollegaer og andre faggrupper for å løyse arbeidsoppgåvene dine. Korleis kan du førebygge at det oppstår konfliktar i arbeidet, eller forhindre at konfliktar eskalerer?
Fire helsearbeidarar i uniform står og diskuterer. Foto.

1. Tverrfagleg samarbeid

Når fagpersonar frå ulike yrke skal jobbe saman for å løyse ei oppgåve, kan det vere mange ulike meiningar om korleis det skal gjerast.

  1. Kva trur du kan vere vanlege årsaker til konfliktar mellom tilsette på ein arbeidsplass?

  2. Kva kan vere årsaker til at ulike fagpersonar har ulike oppfatningar om faglege spørsmål?

  3. Korleis kan det unngåast at fagleg ueinigheit utviklar seg til ein konflikt?

  4. Ein konflikt eller ueinigheit kan bidra til læring, utvikling og til å bygge betre relasjonar. Forklar kvifor det kan vere slik.

2. Samarbeid med brukarar, pasientar og pårørande

Som helsefagarbeidar skal du samarbeide tett med brukarar, pasientar og pårørande.

  1. Kva trur du kan vere årsaker til konfliktar mellom helsepersonell og brukarar, pasientar og/eller pårørande?

  2. Kva kan du som helsefagarbeidar gjere for å førebygge konfliktar mellom deg og brukarar, pasientar og/eller pårørande?

  3. Korleis kan du bidra til å førebygge konfliktar mellom brukarar, pasientar og dei pårørande?

3. Profesjonalitet i eige arbeid

Som profesjonell helsefagarbeidar har du alltid eit ansvar for å hjelpe og ei etisk forplikting som brukarane ikkje har. Du må òg vere klar over korleis du kommuniserer, for å forhindre at konfliktar eskalerer.

  1. Korleis kan du handtere eigne kjensler dersom du får skuldingar og negative kommentarar som går direkte på deg som person og yrkesutøvar?

  2. Kva kan du gjere i slike situasjonar slik at du unngår å gå til motangrep?

  3. Kvifor er det nødvendig at du har kontroll på eigne kjensler når du skal hjelpe andre?

  4. Korleis kan du uttrykke deg slik at den andre føler at du lyttar og forstår korleis dei har det i situasjonen, og ikkje kjem i forsvarsposisjon?

  5. Kvifor kan det å vise forståing for situasjonen til den andre bidra til å forhindre at ein konflikt eskalerer?

Relatert innhald

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

Heilskapleg omsorg og sjukepleie i den siste livsfasen handlar om å ta vare på behova til pasienten sjølv og til dei pårørande til den som snart skal døy.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2023

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering