Film og filmklipp
Omsorg i den siste livsfasen
Heilskapleg omsorg og sjukepleie i den siste livsfasen handlar om å ta vare på behova både til pasienten og til dei pårørande til den som snart skal døy. Som helsefagarbeidar skal du bidra med god omsorg, tilrettelegging og informasjon tilpassa dei ulike ønska og behova til dei pårørande.
Kvifor er det viktig å kartleggje i kva grad dei pårørande ønskjer å vere til stades i den siste livsfasen?
Korleis kan praktiske oppgåver gjere at dei pårørande føler seg nyttige?
Korleis kan du gjennom veremåten din vise respekt og omsorg i møte med pasientar og pårørande?
Er det greitt at du som helsefagarbeidar viser kjensler saman med pasientar og pårørande, eller er dette uprofesjonelt? Diskuter først med ein medelev og deretter i klassen.
Relatert innhald
Fagstoff
Pårørande som ressursGodt samarbeid med pårørande gjer at du som helsefagarbeidar betre kan ta vare på det heilskaplege behovet til brukaren.
Fagstoff
Kommunikasjon som fagarbeidarSom fagarbeider kjem tett inn på menneske i ulike livsfasar. Riktig og god kommunikasjon er viktig i møtet med brukarar, pårørande og kollegaer.