Kommunikasjon som fagarbeidar - Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjon som fagarbeidar

Yrkesutøvarar i helse- og oppvekstsektoren kjem tett inn på menneske i ulike livsfasar. Det å ha kunnskapar og ferdigheiter i kommunikasjon er viktig i møtet med brukarar, pårørande og kollegaer.

Du må òg vite kva det vil seie å kommunisere på ein profesjonell måte. Profesjonell kommunikasjon skal skape god kontakt med den du pratar med, slik at du kan gjere jobben din på best mogleg måte.

Profesjonell kommunikasjon skal vere prega av gjensidig respekt, toleranse og anerkjenning. Haldningane dine og menneskesynet ditt påverkar måten du kommuniserer på. Respekt handlar om å gi den andre høve til å vere seg sjølv med sine sterke og svake sider.

Det handlar òg om å lytte til det den andre seier, og prøve å forstå situasjonen ut frå ståstaden til den andre. Toleranse handlar om å respektere skilnadene i livsstil, meiningar, religion med meir. Du kan vere usamd med den du kommuniserer med, men likevel tolerere ståstaden hans.

Profesjonell kommunikasjon er blant anna kjenneteikna av

  • kunnskapar og ferdigheiter i kommunikasjon
  • kunnskapar og ferdigheiter om det emnet det blir kommunisert om
  • etisk medvit
  • sosial kompetanse
  • empati

Behovet til brukaren bør alltid stå i fokus når du kommuniserer, og du bør vere medviten om korleis du verkar på brukaren. Profesjonell kommunikasjon respekterer brukaren med dei sterke og svake sidene han har. Ein slik kommunikasjon tek òg vare på behova brukaren har for å bli lytta til.

I enkelte av yrka innanfor helse-, sosial- og omsorgssektoren er det å fortelje ei dårleg nyheit ein del av jobben din, noko som kan vere vanskeleg, og som vil krevje mykje av deg.

Som profesjonell yrkesutøvar må du ha kunnskapar og ferdigheiter som gjer det mogleg for deg å hjelpe menneske som er i konflikt. Dette kan du lese meir om under konfliktar. I nokre situasjonar vil du kunne oppleve vald og maktbruk. Da er det viktig å opptre profesjonelt og søkje hjelp hos ein overordna.

Profesjonell kommunikasjon består òg av kommunikasjon med menneske som meistrar språket dårleg eller ikkje i det heile teke. Det kan vere barn som ikkje har lært å prate enno, menneske med nedsett evne til å prate, menneske med sjukdommar (til dømes afasi), innvandrarar eller andre grupper. Dette er situasjonar som krev ekstra omtanke og god ferdigheit i kommunikasjon.

Profesjonell kommunikasjon handlar òg om å skilje mellom privatliv og arbeid. For å få god kontakt med den du kommuniserer med, kan det vere riktig å vere personleg, utan å vere privat. Dette kan du lese meir om under lenkja «Å vere profesjonell».

Å kunne ta imot rettleiing er ein viktig del av den profesjonelle kommunikasjonen. Les meir om dette under rettleiing.

Utfordringar til deg:

  1. Diskuter i klassen kva profesjonell kommunikasjon er. Lag ei liste over kva de meiner er viktig for å kunne kommunisere på ein profesjonell måte.
  2. Vel deg eit av bileta og skriv ein tekst om profesjonell kommunikasjon.
Skrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020