Digital kommunikasjon på jobb
Digital kommunikasjon
Kva appar eller andre digitale verktøy bruker du for å kommunisere med
foreldra dine
eldre familiemedlemmer
vennene dine og yngre familiemedlemmer
lærarane dine
fastlegen
frisøren
Kva digitale kommunikasjonsplattformer kjenner du til innan helse- og oppvekstsektoren?
Kva er forskjellen på privat bruk av digitale kommunikasjonsverktøy og når du kommuniserer med kollegaer eller brukarar på jobb?
Kvifor er det viktig at du kan rettleie brukarar av helse- og oppveksttenester i bruk av digitale verktøy?
Kva utfordringar kan oppstå dersom tilsette ikkje meistrar bruken av digitale kommunikasjonsverktøy? Diskuter i klassen.
Lag filmar
Gå i grupper saman med to eller tre medelevar, og vel dykk eit av dei elleve yrka innan helse- og oppvekstfag.
Lag ein film der de viser profesjonell digital kommunikasjon i yrket de har valt.
Lag ein film der de viser døme på dårleg digital kommunikasjon innan dette yrket.
Relatert innhald
Auka levealder gir høgare risiko for sjukdom og derfor større behov for helse- og omsorgstenester. Korleis kan teknologi bidra til å løyse utfordringane?
Nettside hos ks.no