Manuelle sikringstiltak
Sikringstiltak som blir nytta for å sikre verdiar, deler vi inn i fire sikringsgrupper, der manuelle sikringstiltak er ei av gruppene.
Ein vektar som går vaktrunde på eit område, kan nytte seg av tekniske hjelpemiddel (teknisk sikring) som å skanne kontrollpunkt, men sjølve vaktrunden blir gjennomført av eit menneske – han er altså manuell.
Du vil som vektar truleg oppleve at arbeidsgivaren din er oppteken av at du er aktiv og synleg på objektet der du jobbar. Det er det gode grunnar til. Synlege og aktive vektarar er eit førebyggjande tiltak som verkar tryggjande på publikum.
Det kan verke meir roande å vite at det finst ein vektar i nærleiken, enn å vite at området er kameraovervakt. Du gjer ein viktig jobb ved å vere aktivt til stades.
Den manuelle sikringa er likevel meir enn berre vaktrundar. Inngangskontroll der vektaren sjekkar ID og kontrollerer bagar/vesker, er ei form for manuell sikring. Ein vektar som tek hand om pengetransport, og vakta i resepsjonen som registrerer besøkjande, utfører òg manuelle tryggingstiltak.
Manuelle tryggingstiltak er med andre ord jobben menneske utfører for å sikre verdiar. I den relaterte artikkelen nedanfor kan du lese meir om vakttenestene som høyrer inn under manuelt sikringsarbeid.
Relatert innhald
Med manuelle sikringstiltak tenker vi på vakthaldet av område, anlegg og bygningar. Det er menneske som står for dette vakthaldet.