Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentere installasjon

Ein installasjon må dokumenterast, og dokumentasjonen må oppdaterast når det skjer endringar.
Fortvila IT arbeidar sitt  framfor eit rotete nettverksskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennom å dokumentere installasjonen grundig kan vi spare oss for både tid og forargingar seinare. Å dokumentere er kanskje ikkje den mest spennande av oppgåvene til ein fagarbeidar, men god dokumentasjon er heilt nødvendig for at vi skal kunne gjere ein god jobb.

Dokumentasjonsbehov

Vi kan dele inn dokumentasjonsbehovet i fem hovudgrupper:

  • systemdokumentasjon av nettverk og utstyr (IT-system)
  • dokumentasjon av driftsoppgåver og rutinar
  • dokumentasjon av arbeidsprosessar og informasjonsflyt
  • dokumentasjon av brukarstøtte
  • informasjon og dokumentasjon for brukarar
CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 24.01.2020

Læringsressursar

Dokumentasjon