Korleis distribuere informasjon til ulike brukargrupper?
Sjå for deg at du jobbar på IT-avdelingen i ein kommune. Ein del av jobben er å dra ut til dei mange einingane i kommunen for å drive med opplæring innan IT med innføring av nye program, installasjon og grunnleggjande opplæring innan databruk. Kommunen har ei rekke ulike brukargrupper med heilt ulike føresetnader. Det kan òg vere store forskjellar i datakompetansen internt i dei ulike brukargruppene. Du skal lære opp og distribuere informasjon til desse brukargruppene. Det må vere mogleg å finne denne informasjonen i ettertid, då det kan hende at nokon ikkje er til stades, eller nokon treng å sjå informasjonen ein gong til.
- Korleis ville du lagt opp informasjon til denne brukargruppa?
- Kva slags informasjonstypar vil vere gunstig til denne brukargruppa?
- Kvar bør informasjonen plasserast/vere?
- Kvifor passar denne informasjonstypen til denne gruppa?
Brukargruppe 1: ungdomsskulelærarar
Etter utbrotet av covid-19 kom det ein digital revolusjon i skulen, der lærarane og elevane på kort tid måtte bli svært digitale i undervisninga. No ønsker dei kursing i fleire, gode, digitale verktøy.
Datakompetanse: Han er for det meste god, men det er nokre forskjellar i kor teknisk anlagt alle er. Nokon har svært store datakunnskapar, andre føler seg usikre på verktøy utover Word, Powerpoint og læringsplattforma.
Tilgang på utstyr: Alle har eiga datamaskin, og ho er maks tre år gammal og den taklar ein del nye program.
Tal: 100
Brukargruppe 2: etatsleiarar
Brukargruppa er etatsleiarar i kommunen som vil bli betre på bruk av intranett og Powerpoint for å kommunisere betre med avdelingane sine. Dei har godt innhald, men det kan bli tørt og teknisk. Korleis kan dei få ei betre form og design på dette?
Datakompetanse: Han er ganske god teknisk sett, brukargruppa kan bli flinkare til å tenkje på korleis dei kan kommunisere effektivt og gjere informasjonen brukarvennleg for sine tilsette.
Tilgang på utstyr: Alle har eiga datamaskin, og dei har tilgang til intranettet og Powerpoint.
Tal: 15
Brukargruppe 3: eldre
Brukargruppa er eldre bebuarar på busenteret som vil lære seg å bruke Word på datamaskina, opprette e-post-konto og lære seg å ta og sende bilete med mobil eller nettbrett.
Datakompetanse: Varierande, ein del har ikkje hatt datamaskin, andre har jobba ein del med datamaskina, nokon har smarttelefon, andre har ikkje erfaring med data eller mobil.
Tilgang på utstyr: Nokon har eige utstyr. Busenteret har seks nettbrett som bebuarane kan bruke, og tre berbare pc-ar som dei kan bruke.
Tal: 12 av 30 bebuarar ønsker kursing.