Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag bruksrettleiingar og informasjon til ulike brukargrupper

I denne oppgåva skal du utforme og tilpasse bruksrettleiing og informasjon til ulike brukargrupper.
Tre generasjonar kvinner smilar. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal planleggje og lage opplæringsmateriell til ei av brukargruppene under.

Oppgåva består av følgjande:

  1. Planleggingsnotat
    Skriv kva du veit om brukargruppa og kva verkemiddel du bør ta i bruk for å lage godt opplæringsverktøy til denne gruppa. Grunngi vala dine.
  2. To bruksrettleiingar. Du finn tips om å lage bruksrettleiing nedst i oppgåva.
  3. Lag ein plan for opplæringa (varigheit, organisering og rekkefølgje)
  4. Oppsummering
    Gå gjennom arbeidet ditt og beskriv materiellet ditt, dei vala du har teke og beskriv korleis og kvifor dette er tilpassa brukargruppa di og føresetnadene og behovet deira.

Vel éi av desse brukargruppene

Brukargruppe 1: ungdomsskulelærarar

Etter utbrotet av covid-19 kom det ein digital revolusjon i skulen, der lærarane og elevane på kort tid måtte bli svært digitale i undervisninga. No ønsker dei kursing i minst to gode, digitale verktøy.

Datakompetanse: Han er for det meste god, men det er nokre forskjellar i kor teknisk anlagte alle er. Nokon har svært store datakunnskapar, andre føler seg usikre på verktøy utover Word, Powerpoint og læringsplattforma.

Tilgang på utstyr: Alle har eiga datamaskin, og ho er maks tre år gammal og taklar ein del nye program.

Tal: 100

Brukargruppe 2: etatsleiarar

Brukargruppa er etatsleiarar i kommunen som vil bli betre på bruk av intranett og Powerpoint for å kommunisere betre med avdelingane sine. Dei har godt innhald, men det kan bli tørt og teknisk. Korleis kan dei få ei betre form og design på dette?

Datakompetanse: Han er ganske god teknisk sett, brukargruppa kan bli flinkare til å tenkje på korleis dei kan kommunisere effektivt og gjere informasjonen brukarvennleg for sine tilsette.

Tilgang på utstyr: Alle har eiga datamaskin, og dei har tilgang til intranett og Powerpoint.

Tal: 15

Brukargruppe 3: eldre

Brukargruppa er eldre på busenteret som vil lære seg å bruke Word på datamaskina, opprette e-post-konto og lære seg å ta og sende bilete med mobil eller nettbrett.

Datakompetanse: Varierande, ein del har ikkje hatt datamaskin, andre har jobba ein del med datamaskina, nokon har smarttelefon, andre har ikkje erfaring med data eller mobil.

Tilgang på utstyr: Nokon har eige utstyr. Busenteret har seks nettbrett som bebuarane kan bruke, og tre berbare pc-ar som dei kan bruke.

Tal: 12 av 30 bebuarar ønsker kursing.

Tips når du skal lage ei bruksrettleiing

  • hald informasjonen enkel
  • set opp steg for steg
  • marker sentrale knappar/prosedyrar
  • tilpass kommunikasjonen og nivået til behova og føresetnadene i brukargruppa
  • bruk gjerne nokre skjermbilete frå programvara, ikkje overdriv
  • vurder å lage opplæringsvideo eller videosnuttar
  • legg til rette for både skjerm- og papirversjon
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2020

Læringsressursar

Dokumentasjon