Lag bruksrettleiingar og informasjon til ulike brukargrupper
Du skal planleggje og lage opplæringsmateriell til ei av brukargruppene under.
- Planleggingsnotat
Skriv kva du veit om brukargruppa og kva verkemiddel du bør ta i bruk for å lage godt opplæringsverktøy til denne gruppa. Grunngi vala dine. - To bruksrettleiingar. Du finn tips om å lage bruksrettleiing nedst i oppgåva.
- Lag ein plan for opplæringa (varigheit, organisering og rekkefølgje)
- Oppsummering
Gå gjennom arbeidet ditt og beskriv materiellet ditt, dei vala du har teke og beskriv korleis og kvifor dette er tilpassa brukargruppa di og føresetnadene og behovet deira.
Brukargruppe 1: ungdomsskulelærarar
Etter utbrotet av covid-19 kom det ein digital revolusjon i skulen, der lærarane og elevane på kort tid måtte bli svært digitale i undervisninga. No ønsker dei kursing i minst to gode, digitale verktøy.
Datakompetanse: Han er for det meste god, men det er nokre forskjellar i kor teknisk anlagte alle er. Nokon har svært store datakunnskapar, andre føler seg usikre på verktøy utover Word, Powerpoint og læringsplattforma.
Tilgang på utstyr: Alle har eiga datamaskin, og ho er maks tre år gammal og taklar ein del nye program.
Tal: 100
Brukargruppe 2: etatsleiarar
Brukargruppa er etatsleiarar i kommunen som vil bli betre på bruk av intranett og Powerpoint for å kommunisere betre med avdelingane sine. Dei har godt innhald, men det kan bli tørt og teknisk. Korleis kan dei få ei betre form og design på dette?
Datakompetanse: Han er ganske god teknisk sett, brukargruppa kan bli flinkare til å tenkje på korleis dei kan kommunisere effektivt og gjere informasjonen brukarvennleg for sine tilsette.
Tilgang på utstyr: Alle har eiga datamaskin, og dei har tilgang til intranett og Powerpoint.
Tal: 15
Brukargruppe 3: eldre
Brukargruppa er eldre på busenteret som vil lære seg å bruke Word på datamaskina, opprette e-post-konto og lære seg å ta og sende bilete med mobil eller nettbrett.
Datakompetanse: Varierande, ein del har ikkje hatt datamaskin, andre har jobba ein del med datamaskina, nokon har smarttelefon, andre har ikkje erfaring med data eller mobil.
Tilgang på utstyr: Nokon har eige utstyr. Busenteret har seks nettbrett som bebuarane kan bruke, og tre berbare pc-ar som dei kan bruke.
Tal: 12 av 30 bebuarar ønsker kursing.
- hald informasjonen enkel
- set opp steg for steg
- marker sentrale knappar/prosedyrar
- tilpass kommunikasjonen og nivået til behova og føresetnadene i brukargruppa
- bruk gjerne nokre skjermbilete frå programvara, ikkje overdriv
- vurder å lage opplæringsvideo eller videosnuttar
- legg til rette for både skjerm- og papirversjon