Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei interaktiv historie

Planlegg og produser ei interaktiv historie med minst fire ulike utviklingar. Ta utgangspunkt i aktantmodellen.
Teikna ruter med ei interaktiv historie der brukaren får ulike val og bestemmer vidare utvikling i forteljinga. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve: Lag ei interaktiv historie

Ta utgangspunkt i aktantmodellen og vel ein karakter som har eit mål. Karakteren har både hjelparar og hindringar på vegen mot dette målet.

La historia utvikle seg på minst fire ulike måtar med minst to ulike val.

Vel eit av desse utgangspunkta:

  1. Trekantdrama (venskap/kjærleik)
  2. Ein elev er i klasserommet og ønskjer å kome seg til kantina for å kjøpe mat

Fase 1: Planlegg handlinga

Planlegg handlinga. Kven er hovudkarakteren (subjekt) og kva ønskjer vedkomande (objekt)? Korleis kan du vise at denne personen ønskjer dette?


Skriv manus og set opp strukturen på eit ark, i eit designprogram eller i Twine. Det må vere minst to val med to alternativ kvar. Ønskjer du at det skal vere éin og same slutt eller to ulike sluttar? Merk rutene etter nivå og nummer og gi dei ein tittel. Ikkje lag ei for komplisert forteljing med mange val, hald det enkelt.

Tre måtar å strukturere interaktive forteljinger på. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fase 2: Hent inn materiale

Bestem deg for kva slags materiale du skal produsere. Du kan skrive tekst, ta bilete, lage lydsnuttar eller lage videoklipp. Hent inn materialet og bruk kunnskapane dine om den aktuelle medietypen.

Fase 3: Rediger materialet

Sjå over materialet og rediger det. Lagre materialet med riktig filnamn som startar med tal og bokstav ut frå den strukturen du sette opp i fase 1. Legg enkeltdelane i ei ryddig mappe. Det er kjempeviktig med ryddig og god filstruktur.

Fase 4: Programmer materialet

Set saman materialet i eit programmeringsverktøy du er kjend med. Pass på at navigeringa fungerer. Test ut dei ulike scenarioa. Fungerer materialet, eller må du justere noko?

Refleksjonsoppgåve etter produksjon

  1. Kva har du lært om å lage ei interaktiv historie av denne oppgåva?
  2. Kva ville du ha gjort annleis om du skulle ha gjort oppgåva på nytt?
  3. Skriv tre tips til nokon som skal lage ei interaktiv historie.



CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2020

Læringsressursar

Tverrfaglege prosjekt – Informasjonsteknologi og medieproduksjon