Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag produkt til fleire plattformer

Du har eit produkt, ein oppdragsgivar og ein eller fleire målgrupper. Som marknadsførar kan du velje mellom eit stort spenn av ulike plattformer du kan ta i bruk for å reklamere for produktet. No skal du utvikle marknadsføringsmateriale for eitt produkt til tre ulike plattformer.
Ei hand held ein mobiltelefon med bilete av ei jente som har logoar frå ulike sosiale medium i ei tenkjeboble over hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Du skal marknadsføre eit produkt til fleire ulike plattformer. Det skal vere heilskap og likskapstrekk mellom dei uttrykka du skaper, samtidig som du skal lage enkeltprodukt som passar til dei ulike plattformene. Produsenten ønskjer eit nytt og alternativt uttrykk, og det du produserer må ikkje vere for likt tidlegare marknadsføringsprodukt. Vel deg to ulike målgrupper og beskriv dei kort.

Forslag til produkt: høyretelefonar, sko, solbriller, drikke, godteri, klesplagg eller mobil.

Plattform 1: Eit sosialt medium

Vel ut eit sosialt medium du forventar er relevant for målgruppa. Forslag til sosiale medium: Snapchat, TikTok, Facebook eller Twitter.

Plattform 2: Bygg opp nettside for produktet

Bestem deg for om nettsida primært er tenkt brukt frå pc eller mobil, og utform nettsida i tråd med hovudbruken. Knyt det til målgruppa. Lag først visuelle skisser før du byggjer opp og programmerer nettsida frå botnen av. Du treng ikkje å fylle alle undersidene med innhald. Lag ei ferdig hovudside og minst to klikkbare undersider med innhald. Navigeringa må fungere, vere brukarvennleg og tilpassa målgruppa.

Plattform 3: Marknadsføringsprodukt som skal trykkjast

Oppdragsgivaren ønskjer òg å nå målgruppa via trykksaker. Lag ein annonse eller foldar som kan plasserast ein stad du forventar at målgruppa er. Det kan vere reklame på ein buss, i eit magasin eller ein foldar ein stad mange i målgruppa bruker å vere.

Lag rapport eller presentasjon

Skriv ein rapport eller lag ein presentasjon av arbeidet. Bruk skisser og skjermbilete frå arbeidet ditt undervegs i tillegg til dei ferdige marknadsføringsprodukta.

Her skal du vise prosessen og produksjonen din, dei vala du har teke og grunngi dei.

Punkt til rapport/presentasjon

  • Beskriv produktet du skal marknadsføre og presenter dei to målgruppene du ønskjer å nå. Beskriv dei kort. Lag gjerne personas.
  • Vis fram skisse- og idèfase til kvart marknadsføringsprodukt.
  • Grunngi dei ulike plattformene du har valt og knytt dette til målgruppene. Snakk om kva du har gjort for å tilpasse produktet til denne plattforma.
  • Vis fram det ferdige produktet, pek på verkemiddel du har brukt, korleis dei framhevar produktet og kan få merksemda til målgruppene.
  • Si noko om heilskap, likskapar og forskjellar mellom marknadsføringsprodukta.
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Tverrfaglege prosjekt – Informasjonsteknologi og medieproduksjon