Arbeidsoppdrag
Finn opp ein diskusjons-app!
Mange av plattformene for diskusjon på nett er designa på ein måte som gjer at hets, einvegs-kommunikasjon og sterke motsetningar har blitt ein del av nettdebatten. Kan du finne opp ein app som gir ein betre samfunnsdebatt?
Del 1
Kva er situasjonen i dag? Bruk to minutt på å diskutere med sidemannen din kva som kjenneteiknar ein typisk diskusjon på digitale medium i dag.
Del dette med klassen for å skape ei felles forståing for problema som de no skal bidra til å løyse.
Del 2
Kom opp med ein idé til ein ny app eller ei digital plattform som løyser problema de beskreiv i del 1, og som fremjar samarbeid, lytting og nyansar.
- Bruk først fem minutt individuelt til å skrive ned tankar og idear.
- Gå så saman i grupper på tre for å dele ideane. Jobb saman med å utvikle ein felles app-idé. Illustrer ideen dykkar med teikningar.
- Fordel desse oppgåvene i gruppa:
- Ein i gruppa skal ha ansvaret for å drive arbeidet framover og passe på at alle får bidra i diskusjonen.
- Gruppemedlem nummer to skal ha ansvaret for å notere ned alle idear som kjem opp.
- Den tredje gruppemedlemmen skal ha ansvaret for å søkje opp informasjon som de kan bruke i arbeidet. Hen skal òg passe på at gruppa svarar på oppgåva med bidraget sitt.
Del 3
Presenter app-ideen dykkar for klassen:
- Forklar korleis de trur han vil påverke samfunnsdebatten.
- Korleis har de løyst nokon av problema som de beskreiv først i oppgåva?
Del 4
Diskuter og vurder alle app-forslaga. Kva for ein av ideane trur de vil fungere best? Kvifor? Sjå spesielt på desse punkta:
- Korleis har appen lagt til rette for at det er rom for å ha ulike meiningar?
- Korleis er appen utforma for at det skal bli vanskelegare å kome med personangrep og hets?
- Kven trur de kjem til å bruke appen til å diskutere?