Hopp til innhald
Oppgåve

Kvalitet og regelverk

Korleis kan vi sikre at brukarar får helse- og oppveksttenestene dei har krav på? Kva skjer når det oppstår feil eller behandlinga ikkje går som planlagt? Sjå først filmen som Regine Myhre vann Fritt Ord-konkurransen for vidaregåande skule for, og drøft deretter oppgåvene i grupper og i klassen.

Når det oppstår feil eller manglar

Når vi set fokus på saker som gjeld feil eller manglande tenester, kan det føre til ei forbetring for ein brukar eller brukargruppe og førebygge at andre opplever tilsvarande situasjonar.

  1. Kva var årsaka til at Torstein blei alvorleg sjuk etter tannlegebesøket?

  2. Kvifor er dokumentasjon viktig for å sikre fagleg forsvarlegheit og førebygge feil?

Endringar i samfunnet

Samfunnet er i stadig endring, og det gjeld òg for helse- og oppveksttenester.

  1. Kva endringar i samfunnet kan påverke yrkesutøvinga dykkar, og på kva måtar?

  2. Korleis kan digitale løysingar for overføring av viktig informasjon auke kvaliteten og pasientsikkerheita i helsesektoren?

  3. Korleis kan digitale verktøy brukast til å sikre kvalitet og forsvarlegheit innan oppvekstsektoren?

Lover og regelverk i tenestene

Lovverket skal sikre at alle får nødvendig helsehjelp og likeverdige oppveksttilbod, men frå tid til anna dukkar det opp historier i ulike medium om menneske som ikkje er fornøgde med tenestene.

  1. Kvifor er det viktig med lover som sikrar helse- og oppveksttenester til alle innbyggarane?

  2. Korleis kan lover sikre kvalitet og fagleg forsvarlegheit og førebygge feil? Grunngi svaret.

  3. Kva vil de som fagarbeidarar gjere dersom de møter brukarar som ikkje er fornøgde med tenestene eller behandlinga dei har fått? Bruk døme og grunngi forslaga dykkar.

Relatert innhald

Fagstoff
Pasient- og brukarrettslova

Pasient- og brukarrettslova beskriv rettane befolkninga har i møte med helse- og omsorgstenestene i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Fagstoff
Helsesektoren

I Noreg er det eit offentleg ansvar å sikre nødvendige helse- og omsorgstenester til alle.