Om oppgåvene
I oppgåve 1 skal du rekne ut energimengda i eit stykke sjokoladekake med glasur, som veg 80 gram.
I oppgåve 2 skal du rekne ut energiprosenten for éin dag av protein, feitt og karbohydrat.
Oppgåve 1 – næringsutrekning av eit kakestykke
1 stykke sjokoladekake inneheld
- 49 gram karbohydrat
- 3,3 gram protein
- 8,4 gram feitt
a) Kor stor energimengde målt i kcal kjem frå karbohydrat, frå protein og frå feitt? Sjå oversikta over energiinnhald i næringsstoffa nedst på sida.
Løysing
Energimengdene er
frå karbohydrat
b) Kor stor energimengde målt i kcal er det totalt i kakestykket?
Løysing
Totalt blir dette
c) Kva blir den totale energimengda målt i kJ?
Løysing
Vi bruker at 1 kcal svarer til 4,184 kJ. Det betyr at vi har 4,184 kJ/kcal.
Den totale energimengda målt i kJ blir
d) Rekn ut energiprosentane for dei tre næringsstoffa.
Løysing
Energiprosentane blir
Merk at vi òg kunne rekna ut energiprosenten frå feitt på same måte som vi gjorde med karbohydrat og protein.
e) Løys oppgåvene a)–d) med CAS.
Løysing
Kommentarar:
Merk at vi bruker dollarteikn pluss linjenummer for å referere til svaret på ei linje i staden for å skrive inn sjølve talet. På siste linje har vi slått saman tre utrekningar ved å skrive dei tre tala for energiinnhald i ei liste ved hjelp av sløyfeparentesar. Alle dei tre tala skal delast på svaret i linje 4 og multipliserast med 100. Vi har òg teke med måleiningane i utrekningane.
f) Lag eit sektordiagram som viser fordelinga av energiprosentane for kakestykket. Lag eit tilsvarande sektordiagram som viser den gjennomsnittlege fordelinga mellom næringsstoffa, som er 50 energiprosent karbohydrat, 35 energiprosent feitt og 15 energiprosent protein. Samanlikn dei to diagramma.
Løysing
Viss vi samanliknar dei to diagramma, ser vi at i forhold til den gjennomsnittlege fordelinga av energiprosent er det for mye karbohydrat i kakestykket og for lite av både protein og feitt. Viss ein person et eit slikt kakestykke, bør resten av maten den dagen vere mat som i alle fall har ein større energiprosent protein.
Oppgåve 2 – næringsutrekning for éin dag
a) Det blir tilrådd at ei jente mellom 14 og 17 år, som er middels aktiv, skal få i seg cirka 9 600 kJ kvar dag. Viss Kari på 16 år et 96 gram protein på éin dag, kor mange energiprosent av anbefalt mengde svarer dette til?
Løysing
Vi reknar først ut energimengda i kJ. (Vi reknar i kJ fordi det anbefalte energibehovet til Kari er oppgitt i kJ.)
Dette svarer til
b) Det blir tilrådd at ein gut mellom 14 og 17 år, som er middels aktiv, skal få i seg cirka 12 300 kJ kvar dag. Viss Kristian på 16 år et 127 gram protein og 132 gram feitt på éin dag, kor mange energiprosent protein og kor mange energiprosent feitt av anbefalt mengde svarer dette til?
Løysing
Energimengde frå protein:
Energiprosent frå protein:
Energimengde frå feitt:
Energiprosent frå feitt:
c) Vi set anbefalte energiprosent til 15 energiprosent protein og 25 energiprosent feitt. Viss du reknar med anbefalt mengde dagleg energi, får Kristian i seg for mykje, for lite eller akkurat passe mengde av protein og feitt? Kor mange gram protein og feitt bør han ete for å dekkje anbefalt dagleg inntak av næringsstoff?
Løysing
Samanlikna med tilrådingane er inntaket av protein omtrent passe. Energiprosenten frå feitt er for høg.
For å finne ut kor mange kJ energi frå feitt som er tilrådd for Kristian, kan vi gå "vegen om 1". 12 300 kJ svarer til 100 prosent. Vi finn 1 prosent ved å dele på 100 og 25 prosent ved å multiplisere med 25. Anbefalt energimengde frå feitt blir
Dette svarer til ei feittmengde på
Så mykje energi gir dei ulike næringsstoffa:
- 1 g feitt svarer til 37 kJ = 9 kcal
- 1 g protein svarer til 17 kJ = 4 kcal
- 1 g karbohydrat svarer til 17 kJ = 4 kcal
Omrekning mellom kcal og kJ:
1 kJ svarer til 0,239 kcal
1 kcal svarer til 4,184 kJ
Relatert innhald
Nettside hos matvaretabellen.no