Hopp til innhald

Fagstoff

Glas

Glas er eit materiale med mange bruksområde. Det er laga av smelta stoff som blir kjølt ned til ein uregelmessig struktur. Glas kan òg blandast med andre stoff for å lage komposittmateriale med andre eigenskapar enn det glaset har åleine.
Drikkeglas med stett blir forma under høg oppvarming. Foto.

Glas – naturleg eller laga industrielt

Glasaktig svart stein. Foto.

Glas blir laga ved å smelte sand, natriumkarbonat og kalk til ein flytande masse. Når massen blir avkjølt, legg molekyla seg hulter til bulter, akkurat som molekyla i væsker ordnar seg. Når flytande lava frå ein vulkan størknar, blir glas danna naturleg.

Historie

Sjølv om glas knuser lett, er det veldig haldbart. Glas framstilt av menneske finn vi frå så tidleg som for 5600 år sidan i Mesopotamia, Syria og Egypt. Frå steinalderen har vi funne pilspissar av naturleg glas (obsidian). Då var glas dyrt og eksklusivt, men i dag er det eit billeg materiale som blir brukt til mange ulike ting.

Oppbygning

Det tidlegaste glaset var såkalla silika-glas, laga av silsiumdioksid eller kvarts. Vanlege vindaugsglas blir laga av sand, natriumkarbonat (soda) og kalk. Stoffa blir smelta saman og avkjølte. Molekyla i glas ligg hulter til bulter og dannar ikkje eit ordna krystallgitter.

To ulike molekylstrukturar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gamle vindaugsglas kan vere tjukkare nedst. Nokre har forklart dette med at glas til ei viss grad er flytande, og at tyngdekrafta har trekt glaset ned mot bakken. Dette stemmer ikkje, for forklaringa er at det før i tida ikkje var så lett å lage glas med heilt jamn tjukkleik. Då vart glasa monterte med den tjukkaste sida ned. I dag lagar ein vindaugsglas ved å la glasmassen flyte på eit underlag av tinn.

Gammalt vindauge med veldig ujamt glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Fordi glas er gjennomsiktig, har det vore vanleg å bruke til vindauge, speglar og linser. Sjølv om det lett kan knusast, er det eit veldig haldbart materiale. Glas reagerer i liten grad med andre stoff. Alt dette gjer at glas har mange bruksområde.

Film om eigenskapar til glas

Glas saman med andre materiale

Glas kan òg kombinerast med andre stoff i såkalla komposittmateriale:

Glasfiber

Glasfiber består av glas som er strekt til lange trådar når det blir avkjølt. Trådane blir vovne saman til ein slags matter. Mattene blir senka i flytande plast, som størknar saman med glasfibermattene.

Keramisk glas

Keramisk glas er ei blanding av glas og keramiske stoff. Denne typen glasblanding blir mellom anna brukt i mobiltelefonar og koketopper.

Pakke med glasvatt merkt Glava isolasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Glasvatt

Glasvatt blir brukt som isolasjon i bustader. Glasvatt blir laga ved å slynge den flytande glasmassen rundt slik at det blir danna lange og tynne glasfibrar. Fibrane blir limde saman til matter.

Oppgåve

Kva hugsar du om glas? Vel rett påstand.

Kjelder

Glass. (2023, 20. november). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/Glass

Årtun, T. (2023, 22. januar). Glassfiber. I Store norske leksikon. https://snl.no/glassfiber

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Stoff og materiale