Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Undersøk styrken til komposittar

Lag dykkar eigne komposittmateriale, og undersøk kor sterke dei er. Test ulike materiale, og finn ut kva som eignar seg best. Kven lagar den sterkaste kompositten?

Hensikt

I dette forsøket skal de utforske eigenskapar til komposittar, ein type materiale der to eller fleire materiale blir sette saman til eit nytt materiale som har andre eigenskapar. Som utgangsmateriale bruker vi det vi har tilgjengeleg på naturfaglaboratoriet.

Utstyr

  • lamineringsmaskin

  • plastark for laminering

  • stor saks eller holemaskin

  • ulike materiale som blir laminerte inne i plastarka:

    • papir

    • bomull

    • tynn ståltråd

    • ulltråd

    • magnesiumtråd

    • sukker

    • andre materiale som er tilgjengelege

Framgangsmåte

  1. Lag fem ulike komposittar av materiale de har tilgjengeleg.

  2. Lag hypotesar til problemstillinga: Kva kombinasjonar av materiale vil bli den sterkaste kompositten? Sorter komposittane frå svakast til sterkast.

  3. Legg materiala i lamineringsark, og køyr dei gjennom lamineringsmaskina.

  1. Sjekk styrken til dei ulike komposittane de har laga. Til dette kan de bruke saks eller holemaskin. Vurder kor mykje kraft de må bruke for å klippe dykk gjennom eller lage hol i dei ulike komposittane.

  2. Kva feilkjelder er det lurt å ha tenkt gjennom før klippinga startar? Diskuter.

Resultat og spørsmål

  1. Lag ei framstilling av resultata.

  2. Avgjer om hypotesane de laga, stemde.

  3. Diskuter resultata og aktuelle feilkjelder.

  4. Kva andre måtar kan vi bruke for å vurdere styrken til komposittar?

  5. I dette forsøket undersøkte de styrken til komposittar. Kva for nokre andre eigenskapar enn styrke kan det vere ønskeleg at komposittar har?

  6. Gi døme på komposittar som blir brukt

    • til dagleg

    • på teknikk og industriell produksjon

  7. Foreslå kva de kan gjere for å forbetre eigenskapane til komposittane de har laga. Kan de bruke materiala de har, til å lage komposittar som består av fleire enn to materiale?

Relatert innhald

Fagstoff
Kompositt

Kompositt er dei materiala vi får no vi kombinerer to eller fleire ulike materiale og får eit nytt.

CC BY-SA 4.0Skrive av Hildegunn Moland.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024