Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Eloksering og farging av aluminium

I dette forsøket skal de overflatebehandle aluminium ved å bruke ein metode som blir kalla eloksering. I denne prosessen kan vi òg tilføre farge til aluminiumet.
Klossar av aluminium i mange ulike fargar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om elkosering

Aluminium er eit metall som reagerer med O2 i lufta og dannar eit oksidlag. Dette laget vernar metallet mot korrosjon.

Ved eloksering aukar vi tjukna på det naturlege oksidlaget slik at metallet blir endå betre beskytta mot korrosjon. Oksidlaget blir danna når aluminium og oksygen reagerer med kvarandre når vi tilfører straum.

I dette forsøket skal vi i tillegg farge aluminiumsbiten ved å legge han i eit fargebad. Fargen legg seg i porene i oksidlaget.

Framgangsmåte

1. Reingjering

  1. Fest ein tråd av aluminium stramt rundt gjenstanden. Det må vere god kontakt mellom tråden og gjenstanden. Hald i tråden når du flytter gjenstanden. Viss du tek på han, kan han få merke etter fingrane. Merka vil påverke farginga.

  2. NB: Dette trinnet må gjennomførast i avtrekk. Senk gjenstanden ned i reinsebadet med NaOH slik at gjenstanden blir heilt dekt av løysinga. La han ligge i cirka 10 minutt. Du vil sjå at løysinga byrjar å bruse.

  3. Ta gjenstanden ut av reinsebadet, og skyl godt under rennande vatn.

  4. NB: Dette trinnet må gjennomførast i avtrekk. Senk gjenstanden ned i reinsebadet med HNO3 slik at han blir heilt dekt av løysinga.

  5. Ta gjenstanden ut av reinsebadet, og skyl godt under rennande vatn.

Trinn for å reinse aluminium som skal elokserast, forklart i del 1. Metallbit festa til ein tråd blir lagd i svovelsyre i 10 min, blir skyld under rennande vatn, blir dyppa ned salpeter syre og blir skyld under rennande vatn. Illustrasjon

2. Eloksering

Gjennomfør desse trinna i avtrekk.

  1. Legg gjenstanden i eit tomt begerglas. Set blyplata ned i begerglaset. Blyplata og aluminiumstråden blir kopla til leidningar med krokodilleklemmar.

  2. Fyll kaldt vatn i ei glasskål slik at ho blir 1/3 full. (Vatnet fungerer som nedkjøling mens elokseringa går føre seg.)

  3. Set glasskåla og begerglaset inn i avtrekksskapet.

  4. Fyll på med H2SO4 i begerglaset slik at gjenstanden er heilt dekt. Set begerglaset ned i glasskåla med vatn.

  5. Kople leidningane til straumforsyninga som står i avtrekksskapet. Blyplata blir kopla til minus-polen og aluminiumstråden blir pluss kopla til-polen. OBS! Pass på at det ikkje er kontakt mellom blyplata og aluminiumstråden eller gjenstanden.

  6. Skru på straumforsyninga og auk spenninga gradvis til 12 V. Observer at du får brusing rundt dei to metallbitane slik at du er sikker på at reaksjonen skjer.

  7. La oppsettet stå i 20–30 minutt.

Forsøksoppsett, forklart i del 2, som viser ei blyplate og ei aluminiumsplate i ei løysing med svovelsyre blir kopla til ei spenningskjelde. Illustrasjon.
  1. Slå av straumforsyninga.

  2. Kople leidninga frå aluminuimsgjenstanden, og set han rett i vassbadet for å skylje av syra.

  3. Skyl godt under rennande vatn. OBS! Fingermerke vil påverke farginga. For å oppnå jamn farge må du flytte gjenstanden ved å halde i tråden og unngå fingerkontakt med gjenstanden.

3. Farging

  1. Lag eit fargebad ved å løyse opp den fargen du vil ha, i vatn i eit begerglas.

  2. Varm fargebadet til cirka 50 oC. Legg gjenstanden oppi fargebadet.

  3. Auk temperaturen langsamt til cirka 90 oC. La gjenstanden ligge i 10 minutt.

  4. Skyl godt under rennande vatn, og ta bort aluminiumstråden.

Prosedyre for farging av eloksert aluminium, forklart i del 3. Begerglas med vatn blir tilsett drope med farga stoff. Begerglas med farga løysing og gjenstand blir varm opp til 50 gradar. Temperaturen blir auka til 90 gradar.  Gjenstand blir skyld i rennande vatn. Illustrasjon.

Oppgåver

  1. Skriv ei risikovurdering for eloksering av aluminium:

    1. Kva faremoment kan du bli utsett for ved eloksering?

    2. Kva HMS-tiltak bør du gjennomføre for å unngå at uhell skjer?

    3. Kva gjer du viss det skulle oppstå uhell?

  2. Kva teknikk blir nytta ved eloksering, og kva går han ut på?

  3. Kva metall blir brukte i forsøket? Skriv den kjemiske formelen for desse.

  4. Kva er det som driv denne reaksjonen?

  5. Kvifor blir eloksering brukt som overflatebehandling?

  6. Kva eigenskapar har aluminium?

  7. Kva fordelar har eloksert aluminium?

Kjelder

Norske elokseringsbedrifters forening. (u.å.). Elokseringsprosessen. Henta 29. januar 2024 frå https://eloksering.no/elokseringsprosessen

Åberg, S., Jonsson, A. & Särngren, A. (u.å.). Anodisering och färgning av aluminium. Henta 20. mars 2023 frå http://chem-www4.ad.umu.se:8081/skolkemi/experiment/experiment.jsp?id=207

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Gerd Jørgensen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2024

Læringsressursar

Stoff og materiale