Hopp til innhald

Fagstoff

Kompositt

Kompositt er dei materiala vi får no vi kombinerer to eller fleire ulike materiale og får eit nytt. Det nye materialet har andre eigenskapar enn materiala det er kombinert av.
Komposittmateriale: vovne glassfibrar (SEM).
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kompositt – ulike materiale blir kombinerte

For å lage eit komposittmateriale kombinerer vi to eller fleire materialtypar og får eit nytt materiale med andre eigenskapar enn hos materiala vi starta med. Vi kan til dømes kombinere stål og betong og få betong. Glas og plast kan bli til komposittet glasfiber.

Fordi det finst veldig mange materiale, kan vi få mange nye materiale når vi kombinerer dei til mange ulike kompositt.

Diagram som viser sammenheng mellom materialer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Struktur i kompositt

Materialet som er utgangspunktet for komposittet, kallar vi matriks. Matriksen er gjerne samanhengande. Det materialet vi bruker i tillegg, skal gjere utgangsmaterialet sterkare. Vi kallar det eit forsterkningsmateriale.

Tre terningar med ulike mønstre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsterkningsmaterialet

Kva som blir brukt som forsterkningsmateriale, kjem an på kva utgangsmateriale eller kva matriks vi har.

matriks

forsterkningsmateriale

døme

struktur

metall

keramisk materiale, fibrar, partiklar

stål (jern + karbon)

finfordelt

keramisk materiale

fibrar, småflak, partiklar

porselen (leire + knust stein)

finfordelt

plast

fibrar, partiklar

glasfiber (plast + fibermatter)

gjennomgåande

Kompositt gir kompromiss

Sjølv om vi lagar kompositt fordi vi vil ha materiale med betre eigenskapar enn utgangspunktet, er det ikkje alltid slik at utgangsstoffa held på dei gode eigenskapane sine.

Viss vi tek ein matriks som toler lita belastning, og forsterkar han med eit materiale som toler stor belastning, vil vi få eit kompositt som toler ei belastning ein stad mellom desse to.

Kjelder

Johansen, H. (2008). Materials Science. Composits (lecture notes). Henta 24. april 2020 frå http://folk.ntnu.no/hennj/materialteknologi/materialteknologi/materiallare/arbeidsplan/kompositter/materiallaere-kompositter-forelesningnotater.PDF

Ore, Sven. (2019, 15. mars). Glassfiberarmert plast. I Store norske leksikon. Henta 3. april 2020 frå https://snl.no/glassfiberarmert_plast

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale