Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kva vernar bilvoks mot?

Bruk bilvoks som du har laga sjølv, eller eit ferdig produkt som de har på verkstaden på skulen. Undersøk kva vaksen toler og kva funksjon han har.
Hand held raud klut mot bilskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

Kvifor bruker vi bilvoks?

Planlegg og undersøk

Planlegg forsøk der de undersøkjer kva bilvoks kan verne lakken mot. Under har vi sett opp to forslag.

Sollys

  1. Kva kan skje med lakken på ein bil når han blir utsett for sollys?
  2. Undersøk om bilvoksen vernar lakken mot sollys. Legg ein plan for korleis de kan gjennomføre ei slik undersøking.

Vegsalt

  1. Kva er vegsalt?
  2. Kva kan skje med lakken på ein bil viss han blir utsett for vegsalt?
  3. Undersøk om bilvoksen vernar lakken mot vegsalt. Legg ein plan for korleis de kan gjennomføre ei slik undersøking.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale