Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag bilvoks

Voks gjer bilen blank og fin, og vernar lakken mot "utmatting", rust og forureining.
Voks i små flak på blå bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

Hensikta med forsøket er å lage bilvoks og få erfaring med eigenskapar til stoff som kan brukast til å verne billakk.

Framgangsmåte

Begerglas i vassbad på kokeplate. Illustrasjon.
  1. Varm opp eit vassbad til 80 – 85 °C.
  2. Set eit begerglas i vassbadet.
  3. Hell linfrøolja i glaset.
  4. Tilsett carnaubavoksen medan du rører i olja. Rør til voksen er smelta.
  5. Tilset deretter bivoks. Røyr til han er smelta.
  6. Tilset eddik til slutt.
  7. Hald fram med å røre til blandinga har fått ein tjukk konsistens.
  8. Avkjøl litt. Hell voksen i boksen, og la han avkjøle heilt før du set på lokket.
  9. Lag etikett med namn på produktet og varedeklarasjon.

Jobb vidare

Her er nokre forslag til korleis de kan jobbe vidare med emnet:

Diskuter

  • Kvifor er det lurt å vokse bilen?
  • Kor ofte bør ein vokse?
  • Kvifor bør du vaske bilen med såpe før du voksar han?
  • Kan du skade lakken om du voksar for ofte?
  • Kva er forskjellen på såpe og voks?

Undersøk

Undersøk kva for ulike typar bilpleieprodukt som finst på marknaden, og lag ei oversikt som gir informasjon om:

  • bruksområde
  • kjemisk samansetjing
  • pris
  • andre faktorar som er aktuelle

Test ulike typar bilvoks

Planlegg ei undersøking der de skal samanlikne ulike typar bilvoks (òg den vaksen de har laga sjølv). Bestem dykk for kva kriterium de vil leggje vekt på, og finn ut kva voks som er best.

De kan til dømes undersøkje kor godt vaksen sit. Klarer du til dømes å spyle han av med høgtrykksspylar? (Obs! Pass på at du bruker høgtrykksspylaren riktig, slik at du ikkje skader lakken.) Ta før- og etterbilete, og lag ein presentasjon.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale