Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kva gjer at noko rustar?

Undersøk faktorar som påverkar om det oppstår rust, og kor fort rustinga skjer.

Hensikt

Diskuter kva som påverkar om noko rustar eller ikkje. Legg ein plan for korleis de kan undersøkje dette.

Innleiing

Ungdommane på figuren diskuterer kva som gjer at ein spikar kan ruste.

Fire ungdommar med snakkebobler samla rundt ein haug med rustne spikrar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1 — Diskuter rusting

  1. Les teksten i snakkeboblene.
  2. Tenk for deg sjølv
    Kva påstand meiner du er mest riktig?
    Har du noko erfaring med rusting frå før?
    Er det noko av det som blir sagt som ikkje stemmer?
  3. Del med ein annan
    Fortel kvarandre kva de har funne ut.
    Er det noko de er einige i?
    Er det noko de er ueinige i?
  4. Diskuter i klassen

    Kva for andre faktorar kan påverke rusting?
    Korleis kan vi lage eit forsøk som simulerer rusting ?

Del 2 — Undersøk rusting

  1. Sjå filmen over. Kva faktorar som påverkar at noko rustar blir undersøkte her?
  2. Lag hypotesar/problemstillingar om rusting som de undersøkjer.
  3. Gjennomfør forsøka.
  4. Dokumenter det de gjer med bilete eller film (til dømes timelapse).
  5. Presenter resultat med bilete eller film. Lag ei oppsummering der de har med kva faktorar som påverkar rust.
Det kan vere fleire faktorar som påverkar rusting. Kva er viktig å passe på når de skal planleggje eit forsøk for å finne desse faktorane?

Det er lurt å undersøkje éin faktor om gongen. Viss vi til dømes vil undersøkje om rusting av ein spikar blir påverka av saltvatn eller ikkje, kan vi putte to like spikrar i kvart sitt reagensglas.

I det eine glaset tilset du saltvatn. I det andre glaset tilset du vatn utan salt. Bortsett frå om vatnet er salt eller ikkje, bør alt anna vere likt med dei to reagensglasa. Vi held alle faktorar konstante, bortsett frå den vi vil undersøkje.

Relatert innhald

Når rustar jern? Prøv med like eller ulike metall, og ta bilete eller film i prosessen. Kva skjer?

Rusting er ein spontan prosess, men han skjer ikkje alltid så raskt. I dette forsøket legg du forholda til rette for at rustinga kan skje på ein blunk.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale