Arbeidsoppdrag for industrimålaren
Du skal reingjere og korrosjonsbeskytte den eine sida av ei stålplate laga av vanleg konstruksjonsstål.
Målingssystemet skal bestå av grunning, mellomstrok og toppstrok.
Arbeidet vil ta minst 2 dagar, då grunning og måling må tørke mellom kvar behandling.
Stålplata skal etter behandling vere ute resten av skuleåret. Du bestemmer sjølv kva for eit miljø ho skal vere i. Det kan vere over eller under vatn.
Materiale
Du treng ei stålplate i vanleg stål, avfeittingsmiddel, vatn, grunning og måling.
Verktøy
Du treng vaskekost, stålbørste og pensel.
Reingjering
Reingjer med avfeittingsmiddel. Bruk stålbørsten til å fjerne ureinskapar som sit fast. Skyl med vatn, og la stålplata tørke.
Målingssystem
Påfør grunning og måling som opplyst på boksane. Avgjer sjølv om det skal vere 2 strok med grunning eller måling.
- Kva har skjedd med den behandla og den ubehandla sida av plata?
- Samanlikn di med andre elevar sine plater. Det er viktig at platene er i forskjellige miljø.