Hopp til innhald
Fagartikkel

Prosessen ved ein målarjobb

Industrimålarar arbeider med å beskytte og bevare metall og andre materiale mot nedbryting. Dei nyttar ulike målingssystem, belegg og andre metodar for å verne gjenstandar og konstruksjonar.

Korrosjon

Korrosjon er metalliske materiale som får ein reaksjon med det omgivande miljøet og blir gradvis nedbrote. Vi seier at det rustar. Men rust er det produktet som blir danna når jern eller stål korroderer. Sjølve prosessen kallar vi korrosjon. Kor fort korrosjon skjer, er avhengig av mange faktorar som kva slags metall, ureiningar på metalla og fukt.

Prosessen

Vi startar med å vurdere overflata vi skal behandle.

  • Er det nytt eller gammalt stål?
  • Kva tilstand er det på stålet?
  • Er det rust eller måling som må fjernast?
  • Skal arbeidet utførast innvendig eller ute?

Førearbeid

Førearbeidet av overflata vi skal sluttbehandle, er like viktig som val av målingssystem og påføringsmetode. Er overflata ureina, må flata reingjerast. Er det rust eller ureiningar som smuss, feitt, olje, salt eller sot, må vi alltid reingjere overflata.

Avfeitting

Smuss, feitt, olje, salt og sot fjernar vi med alkaliske reinsemiddel. Det påfører vi med ei sprøytepumpe, eller med ei høgtrykkssprøyte med vaskebehaldar.

Reingjering

Når vi arbeider inne og på små delar eller gjenstandar, kan delane reinsast med mekaniske hjelpemiddel. Det kan vere stålbørstar, skraper eller slipemaskiner med eigna rundel/børste. Det blir så reingjort med reingjeringsmiddel og vatn. Vatn til reingjering av metalloverflater er vorte meir og meir vanleg. Det blir då brukt forskjellige former for høgtrykkspyling med eller utan slipemiddel.

Blåsereingjering

Er det rust på overflata som skal fjernast heilt, gjer vi det med blåsereinsing. Det vil seie at vi bles blåsemiddelet som sand på metallet under høgt lufttrykk. Dette gjer vi for at grunninga skal få godt feste på metallet. Vi vel blåsemiddel etter hkor jamn overflata skal vere. Utvalet av blåsemiddel er stort. Her er eit døme på val av blåsemiddel.

  • Glasperle: ved ønske om jamn og fin overflate
  • Aluminiumoksid: ved ønske om ru og ujamn overflate

Målingssystem mot korrosjon

Når vi skal beskytte metalloverflater mot korrosjon og mekanisk slitasje, er det viktig å bruke riktig metode og utstyr i kombinasjon med målingssystem. Eit målingssystem består av to eller fleire strok, desse kallar vi ofte grunnstrok - mellomstrok(a) - toppstrok.

Grunnstrok

Grunnstroket skal sikre vedheft til underlaget og vere ei bindebru til mellomstroket. Det skal også hindre korrosjon. Dette stroket er ofte tilsett korrosjonshindrande pigment (ofte sinkfosfat), og andre rusthindrande tilsetjingsstoff.

Mellomstrok

Mellomstroket byggjer opp tjukkleiken på målingssjiktet. Det er ofte krav til tjukkleik på målingssjiktet, og det blir ofte kravd eit fyldigare målingssjikt i meir aggressivt miljø.

Toppstrok

Toppstroket har den endelege fargen og skal verne mot mekanisk slitasje, sol, regn og andre ytre påkjenningar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Rune Norli.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2017