Industrimålaren
Arbeidsoppgåvene til ein industrimålar er å verne konstruksjonar, gjenstandar og utstyr mot korrosjon, slitasje og å førebyggje mot brann. Dette gjeld både nye objekt og vedlikehald av eldre konstruksjonar og utstyr.
Ein industrimålar overflatebehandlar stål, metall og andre materiale. Han driv også med sprøytemåling av vindauge, dører og andre konstruksjonar som blir industrielt fabrikerte.
Ein industrimålar må ha inngåande kunnskapar om både materiale, korrosjonstypar, produkttypar og teknisk utstyr.
Industrimålaren arbeider både på faste verft, verkstader og med mobilt utstyr på vedlikehaldsoppdrag landet rundt.
Du finn industrimålaren i mekanisk industri, skipsverft, offshore, terminalanlegg og i byggjebransjen.
Industrimålaren må kunne jobbe systematisk og nøyaktig, og kunne dokumentere arbeida i samband med:
- utføring av klimatiske kontrollar
- å avgjere kva forbehandlingar som er nødvendige
- å avgjere målingssystem som skal brukast
- å avgjere vernesystem som skal veljast til dei forskjellige underlaga
Dette er i tråd med gjeldande forskrifter og arbeidskrav.
Korrosjonsskadar kostar samfunnet vårt store summar årleg. Det er rekna ut at skadane ligg på 3–4 % av BNP (bruttonasjonalproduktet) til Noreg kvart år. Det vart ca. 100 milliardar kr. i 2016.