Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for industrimålaren

Ein må ha god kunnskap om kjemikaliar i dette faget. Gode kunnskapar om korrosjonstypar, reingjerings- og påføringsmetodar er og viktige for ta vare på tryggleiken i faget.
Friskluftsmaske og arbeidshansker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulikt verneutstyr til ulike oppgåver

Det er mange typar målingssystem, og mange inneheld flyktige løysemiddel som krev at vi beskyttar oss, enten med kolfiltermasker eller friskluftsmaske.

Verneutstyr som blir brukt under sandblåsing:

  • Friskluftsmaske med hjelm
  • Arbeidsdress for sandblåsing
  • Skinnhanskar
  • Høyrselsvern
  • Vernestøvlar

Ein arbeider ofte frå stillas og liftar, så kompetanse her er påkravd. Fallsikringsutstyr er også mykje brukt, då det også er arbeid på vanskelege stader i høgder. Vedlikehald på faste installasjonar i høgda er ei vanleg arbeidsoppgåve.

CC BY-SASkrive av Rune Norli.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Industrimålaren