Hopp til innhald
Fagartikkel

Limtreoperatøren

Fagoperatøren i limtreproduksjonsfaget lagar limtreprodukt av trematerialar i ein fabrikk.
I filmen fortel fagarbeidar Jan Magne Østigård om arbeidet sitt i limtreproduksjonsfaget, forklarer prosessen limtreet går igjennom og produkt limtreet blir brukt i. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Limtreproduksjonsfaget

Produksjon av limtre er ein samansett prosess som spenner frå mottak og kontroll av trematerialar, til saging, høvling, skøyting og limpåføring. Til slutt kjem tilarbeiding til ferdige konstruksjonar, komponentar, emne eller plater. Prosessen går føre seg i ein fabrikk. Ulike krav til sluttproduktet krev spesialisering innanfor ulike område, som igjen krev forskjellig kompetanse og kunnskap.

Dei som arbeider i limtreproduksjon, jobbar hovudsakleg med produksjon av limtre av ulike slag. Det kan vere bjelkar, bruer, parkettgolv, delar til møblar og veggar i massivtre. Produksjonen stiller store krav til materialane, limet og fagkunnskapane hos arbeidarane. Produksjonen går føre seg ved hjelp av spesialiserte maskiner, med handverktøy for sluttilarbeiding.

Yrkesskildring for fagoperatør i limtreproduksjonsfaget på utdanning.no.