Limtreproduksjon
Det er bartre som vanlegvis blir brukte til limtreproduksjon, det vil seie gran og furu.
Treet blir hogd, kvista og levert til limtrefabrikken som tømmer.
Tømmeret blir saga til bord eller plank, som heiter lamell i limtrefaget. Lamellane kan vere frå 6 mm til 45 mm tjukke. Breidda på lamellane varierer også.
Lamellane blir så lagde til tørking for å hindre at dei endrar form eller rotnar seinare.
Dersom det skal lagast lange komponentar i limtre, må lamellane skøytast i lengda. Dette gjer vi ved å lime dei saman i ein fingerskøyt.
Lamellane blir høvla slik at dei får ei jamn overflate. Dette gjer vi for at dei skal passe godt saman når vi limer dei.
Lim blir påført ved at lamellane blir skyvde under eit røyr med dyser. Dysene sprøytar ut lim på lamellane. Det blir brukt eit såkalla MUF-lim
Lamellane som er påførte lim, blir pressa saman slik at det ikkje blir sprekkar mellom lamellane. Dei ligg i press til limet er herda eller tørka.
Etter at limet er herda/tørka, blir limtrekomponenten høvla for å få nøyaktig storleik.
Den ferdige limtrekomponenten blir så pakka i plast for å verne mot fukt og smuss.
Limtrekomponenten kan bli berande møne-bjelke i ein takkonstruksjon.