Arbeidsoppdrag
Lag limtrebjelke
For å få litt grunnleggjande forståing for korleis krefter blir fanga opp av ein limtrebjelke, kan vi produsere ein bjelke i lite format på verkstaden.
Det er viktig at vi i samband med denne øvingsoppgåva illustrerer nokre prinsipp og ikkje prøver å produsere ein limtrebjelke. I ein produksjon vil det vere krav til materialkvalitet, limtype, press, herdetemperatur osv.
Det kan lagast fleire oppgåver med ulikt tal bord i høgda. Dette vil illustrere at høgda på bjelken avgjer kor mykje belastning han toler. Her kan vi variere mellom 5 og 10 bord i høgda. I øvinga bør det nyttast ein limtype som herdar og blir forholdsvis hard.
Materiale:
- 5–10 stk. høvla bord 12 mm x 44 mm
- 1 stk. limflaske
I øvinga bør det nyttast ein limtype som herdar og blir forholdsvis hard.
Verktøy:
- 1 stk. sag
- 1 stk. pensel
- 8 stk. skrutvinger
Gjennomføring
Lengda på bjelken skal vere 2000 mm.
- Sag til borda i lengder på 2 meter.
- Legg 5–10 bord ved sida av kvarandre på bukkar.
- Påfør lim, og fordel limet utover borda med pensel.
- Legg borda oppå kvarandre, og hald dei saman med skrutvinger.
- La limet herde/tørke så lenge som det er forklart på limflaska.
- Ta av skrutvingene, og prøv styrken på bjelkane på ulike måtar.