HMS for limtreoperatøren
Det kan resultere i store katastrofar om det skjer feil i produksjonen av limtrekomponentane. Hus eller bruer kan rase saman dersom den berande limtrekomponenten ikkje er riktig konstruert. Det blir derfor stilt store krav til alle som jobbar med planlegging av og produksjon av limtreprodukt.
Ein må ha respekt for og følgje det regelverket og dei forskriftene som er utarbeidde for produksjonen. Å vere ryddig og nøyaktig er viktige nøkkelord her.
Det er utarbeidd interne HMS-tiltak for å syte for at dei som arbeider i produksjonsanlegga, kan arbeide trygt.
Opplæring og sertifisering
Det er krav om opplæring og sertifisering av personell og utstyr for å ivareta tryggleiken.
Klemfare
I produksjonshallane er det fare for å bli klemt av maskiner, truck o.l.
Kuttskader
Kuttskadar er også ein fare ved bruk av handverktøy og maskinelt verktøy som knivar og høvlar.
Støy og støv
Arbeidet i produksjonslokala medfører ein del støy og støv. Ofte blir produksjonen styrt frå kontrollrom som vernar mot støy og støv.
Miljø og luftkvalitet
I ein global samanheng ser ein limtreproduksjon som miljøvenleg. Tre er ein fornybar ressurs, og limet ein bruker i produksjonen i dag, ser ein ikkje på som problematisk i eit miljøperspektiv. Herdinga av dette limet går føre seg i store anlegg der det ikkje påverkar arbeidsmiljøet og luftkvaliteten til arbeidarane.
Personleg verneutstyr
Når det gjeld personleg verneutstyr og tiltak, så er dette som for byggje- og anleggsbransjen elles.
Ein bruker eigna arbeidstøy, høyrseslvern, verneskor, hjelm, støvmaske, hanskar og vernebriller når slikt er påkravd.