Hopp til innhald

Fagstoff

Banemontøren

Banemontøren byggjer fundamentet og legg skjenene som toget går på. Vedlikehald og reparasjon av fundament og skjener er også ein stor del av banemontøren sin jobb.
Manemontører på togskjener. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Banemontøren

Banemontøren blir rekna som vaktarar av jernbanefundamentet. Det har skjedd mykje med arbeidsforholda dei siste tiåra. Det har stadig kome fleire og betre hjelpemiddel for å utøve yrket, både når det gjeld handverktøy, mindre maskiner og større maskiner som har klart å ta bort dei tyngste arbeidsoppgåvene. Det er eit yrke som har ansvar for sikkerheita til menneske og gods. Dersom jernbanefunksjonane ikkje fungerer, påverkar dette heile samfunnet. Det vil føre til øydeleggingar, skadar og forseinkingar.

Historia til faget

Den aller første jernbanelinja vart opna i 1854, ho var 67,8 km og gjekk mellom Oslo og Eidsvoll. Etter det vart det satsa offensivt på å byggje jernbane rundt dei store byane, der det var fraktbehov, og for å knyte dei store byane til kvarandre. F.eks. vart nye Bergen stasjon og Bergensbana opna i 1909. Dovrebana stod ferdig i 1923, og toget kunne i 1962 køyre inn til Bodø stasjon. Det blir stadig bygd nye sportrasear.

Jernbanemuseet.no har meir om historia til jernbana.

Rallaren

Det var rallaren som bygde jernbana i Noreg. Jernbanebygging var eit hardt og fysisk krevjande yrke. I gamle dagar vart jernbana bygd med handkraft. Rallar er eit svensk uttrykk for nokon som køyrer ei trillebår, og det var det dei gjorde. Dei første rallarane kom til Noreg rundt 1850, og det var stort sett frå nabolanda våre og England.

Meir om banemontørfaget:

Video om arbeidet til banemontøren frå EBA (Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg )

CC BY-SASkrive av Berit Bårdstu og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Banemontøren