Overbygnad
Ballast er eit lag med pukk som blir lagt oppå underbygnaden. Det blir brukt jernbanepukk som er knust stein i storleik frå 31,5 mm til 63 mm i diameter. Han blir lagd under og mellom svillene. Ballasten er underlaget for svillene og må derfor ha riktig høgd. Høgda blir sett ut med måleinstrument som nivellerkikkert.
Fleire detaljar om nivellerkikkert og målestong
Sville er ein bjelke av impregnert tre eller armert betong. Svillene held skjena på riktig plass både i høgda og sidevegs. Det er viktig for at sporet skal bli jamt og fint å køyre på.
Skjene er ein bjelke av stål som toghjula køyrer på. Skjenelengdene blir sveisa eller laska saman slik at dei blir vegen for toget. I tillegg til å bere toget er det skjenene som styrer toget. Skjenene må derfor tole mykje og vere av god kvalitet.
Pandrol er ei spesiell klemme som skal feste skjena til svilla. Ho er kraftig, men samtidig litt fleksibel. Det gjer at dei store kreftene frå toget kan overførast til svilla utan at festeordninga blir øydelagd.