Arbeidsoppdrag
Å byggje jernbanespor
Oppgåva passar til ein klasse på 10–15 elevar. Du skal byggje 20 meter jernbanespor med brukte tresviller og skjener. Tidsbruk ca. 8 timar.
- 34 stk. tresviller med ferdig montert underlagsplate
- 4 stk. skjener 10 meter, 49 kg pr. meter, ferdig bora for lasking
- 150 stk. heyback-klemmer, 2 par laskar 49 kg
- 8 stk. laskeboltar 49 kg
- 8 stk. fjøringar
- 2 stk. hammarar
- 2 stk. slegger
- 2 stk. spett / letter-spett
- 1 stk. meterstokk
- 1 stk. stor skiftenøkkel eller skralle for skruing av laskeboltane
- hjullastar/traktor med gaflar
- Utfør ein Sikker jobb-analyse. Kva skal utførast? Kva kan gå gale? Korleis forhindre skadar eller ulykker?
- Finn fram material, verktøy og maskiner.
- Finn ein eigna plass for bygging av spor, gjerne på eit flatt og ope område. Det er ingen krav til underlag, då dette er ei skuleoppgåve.
- Bruk hjullastar og legg utover svillene i c/c 600 mm i rett linje. Sikt etter underlagsplatene, eller bruk snor/spray som oppmerking.
- Bruk hjullastar med gaflar for å løfte 1 stk. 10 meter skjene. Denne blir lagd ned i alle underlagsplatene.
- Gjer same operasjon ein gong til med skjene nr. 2. Legg ho på same side som nr. 1, og plasser skjene-endane saman (butt mot butt).
- Løft opp svillene og slå på alle heyback-klemmene, og lask til slutt skinne 1 og 2 saman.
- Gjenta frå punkt 5 med skjene 3 og 4.
Vips, der har du 20 meter jernbanespor med tresviller. 49 kg pr. meter skjene og sporvidde 1435 mm.
Skjema for sikker jobbanalyse (google.docs)
Skjema for arbeidslogg og eigenvurdering (google.docs)
Åpne skjema og lag din eigen kopi eller last ned for å fylle ut.