Hopp til innhald

Fagstoff

Underbygnad

Underbygnaden gjer at jernbanesporet ligg støtt og stabilt i all slags vêr over mange år. Underbygnaden er fundamentet for jernbanesporet.
Tog på banelekamet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Underbygnaden kan bestå av grov i ulike storleikar. Saman med overbygnaden utgjer dei banelekamen. Underbygnaden til sporet skal leggjast slik i terrenget at det blir best mogleg for miljøet rundt. Skjeringa blir gravd ut og fyllinga blir laga med gravemaskiner. Det skal vere på 3 % ut til kvar side frå midten av banelekamen. Det er viktig for at vatnet skal renne bort.

Så tek arbeidet med underbygnaden til:

  • Fiberduk blir lagd for at ikkje massane (jorda) skal blande seg med stein og grus i underbygnaden.
  • Det blir lagt ned dreneringsrøyr så vatnet blir leidd bort frå banelekamen.
  • Pukk som utgjer underbygnaden, blir lagd ut til riktig høgd.

Underbygnaden skal:

  • fordele og overføre vekta av toget til grunnen
  • drenere bort vatn for betre stabilitet og å unngå tele

Underbygnad er eit fag som også kan knytast til byggjegrunn, vegbygging og tunneldrift, spesielt det som handlar om drenering og oppfylling av fundamentet.

Meir om byggjegrunn og sikre konstruksjonar

CC BY-SASkrive av Berit Bårdstu og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Banemontøren