Sikkerheit
Lover og forskrifter krev at vi avgrensar farane og dei verste konsekvensane. I arbeidsmiljølova (aml.) finn vi føresegner om at arbeidstakarane ikkje skal utsetjast for uheldige fysiske eller psykiske belastningar, mellom anna i § 4-1 (2), § 4-4 (1) og § 10-2 (1).
Med risiko meiner vi moglegheita for at noko uønskt skal skje, og kva konsekvensar det kan få. Det er mange farekjelder på ein arbeidsplass, mellom anna støy, kjemikaliar, maskiner, tunge løft og stress.
På eit kjøkken er det fare for alvorlege brannskadar og kuttskadar. Servicemedarbeidarar kan oppleve stress, samarbeidsproblem og belastningslidingar.
Her skal vi sjå på nokre enkle grep som kan gjere arbeidsplassen tryggare.
Vi må halde flasker og andre behaldarar forsvarleg korka/lukka. Brannfarlege væsker må vi oppbevare og setje tilbake i dertil innretta skåp. Brannfarleg avfall må vi med ein gong kaste i brannsikre behaldarar. Ver spesielt merksam på gryter med varm olje og søl av romtemperert olje på glatte golv.
Arbeidsreiskapar og verktøy som skal nyttast i arbeidet, må vere av forsvarleg kvalitet og haldast i god stand. Vi må òg oppbevare dei på ein føremålstenleg stad, slik at vi kan hente dei fram utan fare for skade. Spesielt gjeld dette skarpe og spisse gjenstandar. Knivar skal vere tilpassa bruken og haldast skarpe for å sikre godt arbeid og redusert belastning.
Det er viktig at alle har god kunnskap om verktøyet og om korleis det skal nyttast og haldast ved like. Det gjeld sjølvsagt òg maskiner som blir nytta i produksjonen. Ingen må betene maskiner som dei ikkje har fått opplæring på.
Bruk av riktig verneutstyr er viktig for å unngå skadar i arbeidssamanheng. Kva slags personleg verneutstyr vi skal nytte, avheng av kva type arbeid vi skal utføre.
Ein god regel er at alle ting skal ha sin faste plass, og at like ting skal oppbevarast samla. Etter bruk av utstyr, verktøy og maskiner skal vi reingjere dei og leggje dei på plassen sin. Dersom noko er i ustand, må vi straks leggje/sende det til reparasjon eller snarast mogleg erstatte det. Arbeidsbord og -benkar skal haldast reine og ryddige. Den enkelte har ansvar for å halde arbeidsplassen sin rein og ryddig.
Arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta § 5 krev at alle verksemder skal kartleggje risikoen på arbeidsplassen for å finne ut kva som kan forårsake skadar eller sjukdom. Kor omfattande risikovurderinga må vere, avheng av storleiken på arbeidsplassen og kva slags arbeid som blir utført.
I mange verksemder er det få og relativt enkle farar, og vi treng ikkje å vere ekspertar på sikkerheitsspørsmål for å handtere dei.
Ei enkel risikovurdering kan gjerast i fire trinn:
Finn farekjeldene.
Kva kan skje (konsekvensar), og kor sannsynleg er det?
Kva kan vi gjere for å hindre det?
Planlegg tiltak og vidare arbeid.
Oppgåve
Finn ut kven
som er verneombod på skulen
som sit i arbeidsmiljøutvalet
Inviter verneombodet til klassen for å fortelje om kva verneombodet og arbeidsmiljøutvalet gjer.