Det fysiske arbeidsmiljøet
Riktig belysning på ein arbeidsplass gjer det lettare å utføre arbeidet på ein trygg og effektiv måte. Riktig belysning har betydning for helse og trivsel. For svakt lys kan gjere arbeidet vanskeleg og krevjande, mens for sterkt lys kan verke blendande.
Viss belysninga er feil, kan du få hovudverk, bli trøytt og kjenne deg sliten i auga. I tillegg til god allmennbelysning kan det vere naudsynt med plass- eller punktbelysning. På eit kjøkken treng vi ofte ekstra lys der vi arbeider med maten eller legg han opp på tallerkenen.
I serveringslokalet treng vi ofte ekstra lys når vi skal blande drinkar, eller når vi skal slå inn på eit kassaapparat.
For varme eller for kalde arbeidslokale er eit vanleg problem innanfor kokk- og servitørfag. Inne på kjøkkenet kan temperaturen stige på grunn av varmen frå mange omnar og steikjepanner. Eit serveringslokale kan òg bli veldig varmt viss det er seg mange menneske der samtidig. Vi må ha tilstrekkeleg ventilasjon og ha moglegheit til å kunne regulere temperaturen avhengig av årstid og sesong. Er det mykje sollys som varmar opp arbeidsplassen, må vi kunne skjerme oss med markiser.
I tillegg må kokkar og servitørar gjerne inn på kalde kjøle- og fryserom i kortare eller lengre periodar. Då må dei ha tilgang til varme overtrekksklede.
Inne på kjøkkenet kan luftkvaliteten vere dårleg på grunn av damp frå oppvask og gryter og dessutan steikjeos frå omn og grill. Gode avtrekkshetter over steikjeomnar og kokeapparat er derfor naudsynt.
Mange arbeidsplassar kan ha problem med støy. I kokk- og servitørfag kan støy til dømes vere lydar frå maskiner, arbeidsutstyr og ventilasjonsanlegg. Ei anna kjelde til støy er gjestane i restauranten: Dei snakkar og ler, stolbein skrapar, og bestikket klirrar.
Verksemda bør leggje vekt på å nytte maskiner og utstyr som gir minst mogleg støy. Spesielt bråkete maskiner bør bytast ut eller isolerast, og gummierte foringar under kan dempe bråket. Godt vedlikehald av maskiner og utstyr er eit førebyggjande tiltak mot støy.
Utforming av arbeidsplassen har mykje å seie for helsa til dei tilsette. Ein arbeidstakar bruker mykje tid på jobb og kan få helseproblem viss ikkje arbeidsplassen er utforma på ein føremålstenleg måte. Alle arbeidsbenkar og bord bør vere regulerbare, slik at dei kan passe til alle arbeidstakarane, uansett høgd.
Lokala bør vere romslege og utforma på ein praktisk måte. Vi må ha moglegheit til å kunne bevege oss uanstrengt og fritt. Det finst døme på så tronge kjøkken at kokkane ikkje har moglegheit til å gå forbi kvarandre.
Arbeidsplassen må vere utforma slik at det blir færrast mogleg tunge løft. Golvet bør ikkje vere for hardt, sidan det vil vere belastande for beina. Det må vere lett å halde reint og samtidig vere sklisikkert.
Gruppeoppgåve
Kartlegg arbeidsmiljøet på skulen. Korleis er forholda på kjøkkenet eller i serveringssalen når det gjeld
støy?
klima?
belysning?
utforming?
Er det noko de eller skulen kan gjere for å betre forholda?