Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er helse, miljø og sikkerheit (HMS)?

Arbeidsmiljøet påverkar den fysiske og psykiske helsa og velferda til arbeidstakarane. Arbeidsmiljølova krev at arbeidsmiljøet skal vere fullt ut forsvarleg. Arbeidet med HMS i verksemda skal vere systematisk og omfatte alle faktorar som påverkar arbeidsmiljøet.
Ein ung kokk med armane i kross står framfor omnane på eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Systematisk HMS-arbeid

I Noreg er helse, miljø og sikkerheit (HMS) sentralt for å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøet er summen av dei fysiske, psykiske, sosiale og organisatoriske forholda på ein arbeidsplass. Krava til HMS-arbeidet skal sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon.

Tenk over

Kva slags arbeidsmiljøutfordringar kan finnast innan kokk- og servitørfaga?

Utarbeide eit HMS-system

Dei som driv serverings- og overnattingsstader, har ansvar for sikkerheita til tilsette og gjestar, og må sørgje for at det ikkje skjer skadar på omgivnadene. Det er derfor viktig at bedrifta har eit ordentleg HMS-system som har kartlagt risikoen for farar, og beskriv kva som må gjerast viss det oppstår farlege situasjonar.

Arbeidstilsynet tilrår å følgje desse trinna når bedrifta skal utarbeide eit system for å følgje opp helse, miljø og sikkerheit:

  • Arbeidsgivaren har ansvaret for HMS, men det er viktig å samarbeide med arbeidstakarane.
  • Skaff ei oversikt over kva lover og forskrifter som er aktuelle for bedrifta.
  • Skaff ei oversikt over kva sikkerheitsrutinar for opplæring, brannøvingar, bruk av verneutstyr og så vidare som allereie finst i bedrifta.
  • Kartlegg bedrifta med tanke på risiko. Ein enkel risikoanalyse består av tre enkle spørsmål:

    1. Kva kan gå gale?

    2. Kva kan vi gjere for å forhindre det?

    3. Korleis kan vi redusere konsekvensane viss det likevel skulle skje?

  • Lag på bakgrunn av kartlegginga ein handlingsplan som viser kva som skal gjerast, kven som skal gjere det, og når det skal vere gjort.

Kontroll av HMS-systemet

Arbeidstilsynet skal kontrollere at bedrifta overheld HMS-reglane. Dei tek stikkprøver og kjem på tilsynsbesøk eller gjennomfører ein meir omfattande gjennomgang av heile HMS-systemet i bedrifta. Ved brot på regelverket kan styresmaktene gi bedrifta pålegg om å rette opp forholdet innan ein viss frist. Bedrifta kan òg måtte betale dagbøter inntil forholdet er retta opp.

I alvorlege tilfelle kan det òg bli snakk om forureiningsgebyr og politimeldingar. Mange kundar og leverandørar stiller krav til HMS. Gode HMS-rutinar kan òg ha betydning for forsikringspremien, mens mangelfulle rutinar kan føre til problem med forsikringsoppgjer viss det oppstår skadar.

Ein ung kvinneleg servitør står ved ei flamberingsvogn og flamberer ein banan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Arbeidstilsynet, (u.å.). Internkontroll systematisk arbeid med helse, miljø og sikkerhet. Henta 16. mars 2022 frå https://www.arbeidstilsynet.no/hms/internkontroll/

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

HMS