Stress
Høgt stressnivå er ei vanleg årsak til nedsett produksjon. For mykje stress gjer oss mindre effektive. Ifølgje Arbeidstilsynet opplever kvar tredje norske arbeidstakar stress knytt til arbeidet. Å ha det travelt i eit hektisk arbeidsmiljø kan opplevast positivt for mange. Men presset kan bli større enn vi klarer å handtere.
I kokk- og servitørfag er stress eit vanleg problem. Arbeidsmiljøet kan vere hektisk og prega av høgt tempo. Det kan vere mange bestillingar på éin gong, og vi må halde hovudet kaldt. Beskjedar må givast, og vi må takle fleire oppgåver samtidig.
Biologisk sett dreier stress seg om kroppen sin reaksjon på belastningar. På ein måte er stress kroppen sitt forsvar når vi kjenner oss truga eller blir utsette for store belastningar. Stress blir nytta om både årsakene til og konsekvensane av press og påkjenningar. Vi har alle ei grense for kva vi toler av ytre press og påkjenningar før vi opplever situasjonen som stressande.
Dersom stresset held fram, kjem vi inn i ein vond sirkel – stresskjensla aukar meir og meir, og stressreaksjonen blir sterkare og sterkare. Dei som opplever stress i lange periodar, kan utvikle alvorlege fysiske og psykiske helseproblem.
Symptom på stress
- manglande lyst til å gå på jobb
- konsentrasjonsproblem
- meir irritasjon, frustrasjon og følelsesmessig ustabilitet
- mageproblem og manglande appetitt
Potensielle konsekvensar av å bli utsett for stress over lang tid
- hovudverk
- nakke-, skulder- og ryggsmerter
- svimmelheit
- trøyttleik og søvnproblem
- angst og depresjon
- utbrendheit
- hjarte- og karsjukdom
Redusert stress gir større effektivitet og mindre sjukefråvære, og dermed auka arbeidsglede og betre helse. Psykologar hevdar at sosial støtte dempar reaksjonane på stress. Det er vanleg å skilje mellom fire former for sosial støtte:
- følelsesmessig støtte – vise interesse, omsorg og merksemd
- oppgåvestøtte – rettleie og hjelpe til med å løyse problem og oppgåver
- informasjonsstøtte – informere om og forklare kva som skjer ved omorganisering, nedbemanning og krisesituasjonar
- praktisk støtte – gi pengar, råd og hjelp i kvardagen
Gode kollegaer kan førebyggje og dempe stress. For ein arbeidsleiar er det viktig å skape eit arbeidsmiljø som varetek helse, miljø og tryggleik. Godt samarbeid kan betre psykiske og psykososiale forhold i arbeidsmiljøet.
Gruppeoppgåve
Drøft og gi døme på årsaker til og konsekvensar av stress på arbeidsplassen eller på skulen.
Kaufmann, G. & Kaufmann, A. (2003). Psykologi i organisasjon og ledelse (3. utgåve). Fagbokforlaget.